Levande langeleik - slepp og debatt på Popsenteret

Til bladsleppet for Folkemusikk nr. 3/2015 har Folkemusikk invitert tre ledd langeleikspelarar frå Valdres til samtale og diskusjon over en kopp kaffi og ein kakebit: Oddrun Hegge, Knut og Ole Aastad Bråten og Ingrid Lingaas Fossum.

Ingrid Lingaas Fossum lærte å spele langeleik av dei plateaktuelle tvillingbrørne Knut og Ole Aastad Bråten, som igjen har lært mykje spel av Oddrun Hegge. Kva har endra seg frå 1970-talet, då Oddrun lærte å spele, til i dag?

Forskninga på tradisjonsmusikken har gitt større forståing for spennvidda av ulike stemmemåtar, tonalitet og frasering i tradisjonen. Har dette endra måten musikken blir spelt?

Kulturskulen har bringa læringa frå den private til den offentlege sfæren. Men «den gamle spelemannsskulen», der spelemenn møtast i heimen og blir kjende med kverandre over ein kopp kaffi og kake er, høgst levande. Kva endrar seg når tradisjonsoverføringa blir flytta over i organiserte former?

Ordstyrar er Ida Habbestad, redaktør for Ballade og Folkemusikk-skribent gjennom mange år. Samtalen varer i om lag 45 minutt. Etterpå får publikum høve til å stille spørsmål. Deretter speler bladstyrar Audun global folkemusikk i nokre timar.

Arrangementet er gratis.

Sted og tid:

Kafeen på Popsenteret, Schouskvartalet, Trondheimsvn.2 i Oslo, torsdag 24. sept kl 20.00!

Ute nå

Transaktivisme og abort, arkitektur og lefsebaking. I den nye utgåva av Syn og Segn er det temasider om arkitektur og byggkvalitet, samtale om sorteringssamfunnet med barnelege Ola Didrik Saugstad, tekstar om einsemd, goth-miljøet og dei kvite flekkane i verdsrommet.

Nyheter fra Eurozine

Developed by Aplia - Powered by eZ Publish - Informasjonskapsler