Norsk Barneblad 125 år

Skrinet med det rare i

I januar for 125 år sidan kom det ut, for første gong, det vesle bladet Sysvorti.  Den unge Kristen Stalleland frå Grimstad, ville så gjerne gje barna noko å lese på sitt eige mål,  landsmålet.  Ingen  av landsmålsforfattarane hadde skrive bøker for barn på denne tida.

Og lesestoff for barn blei det. No har Norsk Barneblad produsert meir enn 40 000 sider med lesestoff for barn. Og i tillegg kjem meir enn 140 teikneseriehefter og i overkant av 240 bøker. 

I jubileumsboka ”Skrinet med det rare i” presenterer vi, for første gong, heile forteljinga om  bladet. Her er det mykje moro og kuriosa, som dømer på tidstypiske tekster av typen ”dei innfødde villmennene”, eller jentespeidarar som har ”barnestell-merket” som sitt høgste speidarmerke, for å nemne to tilfeldige eksempel frå bladet. Men viktigare i bladet er viljen til å ta barn og barndom på alvor.

Det første bladet hadde 30 abonnentar, men ved utgongen av året hadde dette vokse til 350 abonnentar. Sysvorti, som bladet heitte første tida, vart altså godt motteke.

Det er uråd å vite kor mange som har abonnert på bladet gjennom tidene, men det er snakk om fleire hundre tusen . Og talet på lesarar må ha vore langt høgare.

Norsk Barneblads juleutgåve, Juletre, kom første gongen i 1898 og blei ein suksess. På det meste selde Juletre opp imot 100 000 eksemplar i laussal. Johan Bojer, Johan Falkberget og  Mikkel Fønhus skreiv alle for Juletre. Illustrasjonane var òg av høgste kvalitet, Lars Osa, Otto Valstad og Jens R. Nilssen for å nemne nokre.

Smørbukk, første gong utgitt i 1941 og Tuss og Troll, første gong utgitt i 1945,  er to urnorske julehefter som er utgjevne av Norsk Barneblad.

I tidsromet 1918 til 1988 ga Norsk Barneblads Forlag ut 225 bøker, samt 18 bøker før forlaget blei oppretta.

”Skrinet med det rare i” oppsummerer alt dette på sine 160 rikt fargeillustrerte sider. Her er det presentasjonar av alle redaktørane og fleire andre viktige medspelarar.Norsk Barneblad er eitt av dei eldste barneblada i verda og den eldste nynorskpublikasjonen som framleis kjem ut.

Forfattaren, Eirik Helleve er fødd i 1965, utdanna etnolog frå Universitetet i Bergen og bur på Voss.

Boka er til sals hos Norsk Barneblad.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.