Kurs i programleiing og debatt

Vi inviterer til to kurs om formidling, framføring og debatt på scene, nett, video og podkast. Målgrupper for kursa er skribentar, journalistar, redaktørar og andre som treng opplæring og trening i å leie ein debatt, ein aktuell samtale, program eller podkast. Lærar er Håkon Haugsbø, som har lang erfaring frå å leie program og debattar i NRK og andre stader. Du kan velje mellom programleiing og debattleiing.

Ta debatten!

Tid og stad: torsdag 23.9. kl. 9-16 på Litteraturhuset i Oslo

 

Korleis trekke fulle hus til ein frisk debatt med dei rette debattantane, den drivande konflikten og dei gode spørsmåla? No kan du lære å sette saka du brenn for på dagsorden av den erfarne journalisten og mangeårige programleiaren i NRK Brennpunkt, Håkon Haugsbø.

Den opne, gode debatten forfriskar samfunnslivet og held demokratiet sunt og levande. Stadig fleire magasin og tidsskrift arrangerer debattar på scener eller skjerm.

Dei som leier desse debattane har ei vesentleg rolle i ordskiftet, difor er det viktig at dei er trygge for oppdraget og meistrar oppgåva si godt. Difor vil vi tilby eit eksklusivt heildagskurs i debattleiing.

På dette kurset lærer du om:

Debattleiarrolla: 

  • Skilnaden på å styre ordet og å styre debatten
  • Fokus og framdrift
  • Kroppsspråk

Førebuing:

  • Research og regi
  • Dynamikk og dramaturgi

Gjennomføringa: 

  • Korleis få svar og ikkje svada
  • Råd som reddar
  • Improvisasjon

Pris: 1000 kroner

Påmelding her

 

  

No skal du høyre her

Tid og stad: tirsdag 12.10. kl. 9-16 på Litteraturhuset i Oslo

 

Vil du bli tryggare i rolla som programleiar, i podcast, reportasje eller på scena? Og vil du bli programleiaren som tryggjar intervjuobjekt og gjester? No kan du lære meir om denne viktige rolla av den erfarne programleiaren Håkon Haugsbø, kjend frå fleire NRK-program.

 

Lyd og bilde blir stadig viktigare i formidling og historieforteljing på ulike plattformer. Podkast-universet får nye stjerner kvar dag, og alle som har ein smarttelefon kan lage ein filmsnutt. Og rolla som programleiar er avgjerande for bodskapen og dei medverkande. På dette kurset lærer du å bli ein stødig og trygg programleiar, som får fram bodskapen på ein effektiv og truverdig måte.

 

På dette kurset lærer du om: 

  • Programleiarrolla
  • Førebuing
  • Manus og metodar
  • Presentasjonsteknikkar
  • Språk og kroppsspråk

Pris: 1000 kroner

Påmelding her

 

Lærar/kurshaldar: Håkon Haugsbø er kjend som mangeårig programleiar i NRK Brennpunkt. I graveredaksjonen var han også sjølvgåande videojournalist, og filma og produserte fleire dokumentarar for NRK. Han har bak seg nesten 30 år innan journalistikk og kommunikasjon. Som kommunikasjonssjef i Kirkens Nødhjelp bygde han opp ei ny avdeling med vekt på visuell historieforteljing og gjennomslag i sosiale medium.

Hausten 2018 starta Haugsbø eige selskap, og har gjennom det deltatt i oppstarten av fleire podkastar. Han har mellom anna levert aktualitetsprogrammet «Desse Dagar» og sommarserien «To i campingstol» til NRK P2, og er brukt som programleiar i NRK Ukeslutt. Og han blir stadig beden om å leie debattar. Haugsbø er ein erfaren og engasjerande kurshaldar, som får gode tilbakemeldingar frå deltakarane.

Kurset blir arrangert av Norsk tidsskriftforening med støtte frå Fritt Ord, Kulturrådet og Fagpressen.

 

Ute nå

Tidsskriftet heiser regnbueflagget. Nytt nummer av Tidsskriftet har flere regnbue-artikler. Juni er nemlig Pride! Avalon Nuovo, som står bak forsiden, sier: «Ut fra egne erfaringer og erfaringene til andre LGBTQIA+-venner, tenkte jeg at jeg ville illustrere varmen og gleden ved å oppdage en kropp, enten det er ens egen eller kroppen til et annet menneske. For meg føles dette ganske sentralt i opplevelsen av å være skeiv, og det er en vakker ting å feire som del av Pride.»

Alle tidsskrift skal ha ISSN-nummer. ISSN-nummeret brukes til å identifisere tidsskriftet, og er det samme uansett årgang og utgavenummer.

Les mer her.

Ønsker du å låne kontoret?

Medlemstidsskriftene kan låne kontoret vårt i 4. etasje på Litteraturhuset i Oslo, fortrinnsvis etter kl 15. Trenger du det på dagtid, kan det som regel ordnes.

Send e-post til  post@tidsskriftforeningen.no for spørsmål/reservasjon.

Tidsskriftdagen 2020

Tidsskriftdagen 2020 ble strømmet og du kan se den på vår Youtubekanal her.

Developed by Aplia - Powered by eZ Publish - Informasjonskapsler