Syn og Segn med ny redaktør og nytt design

Syn og Segn 1-2014 er no endeleg på marknaden! Dette er også fyrste utgåve til ny redaktør, Knut Aastad Bråten.

  

Syn og Segn er eit av dei eldste allmennkulturelle tidsskrifta i dag, stifta av Arne Garborg i 1894. Tidsskriftet er ein aktiv premissgjevar i det breie offentlege ordskiftet – for det nynorske kjernepublikummet, men òg for kulturinteresserte i alle samfunnslag.

Bråten har òg planar om endringar:

- Eg ynskjer å leggje meir vekt på ulike sjangrar, ulike stemmer og ulike tilnærmingar. Mellom anna vil vi utfordre sjangeren endå meir, variere mellom faste satsingar og element, mellom journalistikk og formmedvitne essay. Eg ynskjer faste temaseriar i kvart nummer, nokre frie artiklar, eit internasjonalt blikk utanfrå, tilrådingar, lengre samtalar og biografiske portrett, seier Bråten.

 

Syn og Segn hadde lansering i Oslo bispegard tysdag 4. mars med over 60 frammøtte. Stortingspresident Olemic Thommessen stod for den offisielle lanseringa, vidare var det føredrag med ordensbror og katolsk prest Bror Haavar Simon Nilsen – som òg skriv om sin kristenidentitet i fyrste utgåve. Redaktør Harald Stanghelle blir intervjua i fyrste utgåve av Syn og Segn om tvisyn og medieliv. Samtalen held fram på lanseringsfesten, no saman med redaktør Bråten.

 

Elles hygga gjestane seg med åresal og servering av feite serinakaker. Kvelden vart avslutta med fellessong: No livnar det i lundar, leia av ingen ringare enn Tuva Syvertsen frå Valkyrien Allstars.

  

Syn og Segn har frå og med 2014 distriktskontor på Fagernes i Valdres. Redaktøren serverer feite serinakaker og eit glas H-mjølk – i tillegg til ein hyggeleg prat.       

 

Syn og Segn feirar 120 år i 2014 og har i jubileumsåret fått ny design, signert designar Aina Griffin.

Ute nå

I høst er det hundre år siden den russiske Oktoberrevolusjonen fant sted. oktoberrevolusjonen viste en hel verden at det ikke er naturgitt hvem som skal herske og hvem som skal herskes over. Revolusjonen var til stor inspirasjon for hele den norske arbeiderbevegelsen de første åra etter den fant sted. Årets siste nummer har oktoberrevolusjonen som tema, håper vi også klarer å overraske litt!

Kalender

 

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.