Folkemusikk 1/2013

Bli betre kjent med spelemannen Finn Vabø. Og kva slags scener finst eigentleg for folkemusikken i dag? Musikkmeldar og journalist Sindre Bremnes tek pulsen på Havresekken – byens hottaste konsertkonsept.

Fyrste utgåve av bladet Folkemusikk i 2013 er no på marknaden!

 

PORTRETTET: Det blir sagt at han har slått den meksikanske meisteren knockout. Han har overlevt eit dramatisk møte med eit skip. Han har bak seg enorme timar med dansespel. Tru om han har funne roa? Bli betre kjent med spelemannen Finn Vabø i bladet Folkemusikk.

 

FOLKEMUSIKKSCENENE: Kva slags scener finst for folkemusikken i dag? Kva for ulike miljø er det folkemusikken lever i? Og påverkar scenene korleis musikken utviklar seg? – I dag stiller publikum større krav til kvalitativ formidling, profesjonelle utøvarar og arrangørar. Derfor treng me konsertsalen. I tillegg er puben viktig for mangfaldet, seier Helge Skansen i Riksscenen. Meir om scenemangfaldet i bladet Folkemusikk.

 

SEKKEN MED DET RARE I: Eit nedlagt postkontor. Ei improvisert scene. Musikarar ingen veit kven er. Musikkmeldar og journalist Sindre Bremnes tek pulsen på Havresekken – byens hottaste konsertkonseptet.

 

DANS UTAN SKAMKJENSLE: Kvifor gjera narr av avartar av folkedansen overfor eit publikum som alt ber på fordommar, spør forfattar Anne Brügge. ”Ei kritisk gransking, eller til og med ei latterleggjering av tradisjonar og rigide reglar, passar betre som ei kreativ bombe inne i folkemusikkmiljøet.” Sjekk side 44 i siste utgåva av bladet Folkemusikk.

 

LEIAR: Ideen om det norske har etter kvart vorte ein klisjé, noko vi ikkje trur like sterkt på. Sanninga har kome for dagen. Irritasjonen over fellesarven og urtonane er som ungdomsopprøret mot mor og far. Frigjeringa er eit faktum. Navlestrengen må bort. Er detdettesom er hatet i folkemusikken? Meir om hatet i siste nummeret av Folkemusikk!

 

Teikneserie, sladder, aktualitet, platemeldingar, i platehylla til songar Linn Andrea Fuglseth, platedebuten til Steinar Ofsdal, petit frå vestlandskritikaren Anne Viken, mange debattinnlegg og mykje, mykje meir!

 

Bladet Folkemusikk er det einaste landsdekkande bladet for folkemusikk og folkedans, og bli lese av musikk- og kulturinteresserte over heile landet. Bladet Folkemusikk er i sal på Narvesen.

 

Bestille blad? Send ei melding til knut@folkemusikk.no, og vi registrerer deg som abonnent med det same! Eller: Send NAMN + FOLK til 2080 - og bli abonnent med det same!

Ute nå

Tema Avhengighet: Avhengighet gir ikke fritak for straff. Intervju med lege og forsker Knut Boe Kielland, omtale av boka Hva er avhengighet v/ Jahn Arne Olsen og artikkelen «Bør narkotika legaliseres?» av Øyvind Røed. Les vinnertekstene i årets tekstkonkurranse som ble arrangert i samarbeid med =Oslo.

Andre arrangementer

Nyheter fra Eurozine

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.