Folkemusikk 3/2013

Sommarutgåva av bladet Folkemusikk er no på marknaden! Les meir om spelehøvdingen Hauk Buen, om plateaktuelle Lajla Renate Buer Storli, om livet etter musikkstudiane og mykje, mykje meir.

LEIAR: «Kva slags kompetanse trengst for å leie folkekulturen framover? Har vi dei beste leiarane? Folkekulturen treng gode og solide leiarar med fagleg integritet, med mot og kraft til å stå for noko, med inspirasjon og kunnskap til å leie medarbeidarane sine. Folkekulturen treng leiarar som dreg miljøet framover», skriv redaktør Knut Aastad Bråten. Sjekk side 5.

 

DRAUMEN: Lajla Renate Buer Storli har lenge drøymt om å gje ut ei soloplate med folkesongar frå Hardanger. No har draumen blitt sann, og under Landskappleiken på Røros lanserer ho Møya som drøymde. Meir om ho som drøymer på side 24.

 

ETTER SKULETIDA: Verkelegheita bankar på for avgangsstudentane ved musikkutdanningane i Noreg. Etter år med innøving av teknikk, tradisjon og uttrykk må musikarstudentar lære seg å bli forretningsfolk: marknadsføring, søknadar, rekneskap og booking blir ein del av den nye kvardagen. Kor godt førebudd er dei på livet etter eksamen? Meir på side 10.

 

TEK DU ANSVAR? Gro Marie Svidal arbeidar med Bygda Dansar og rekruttering til dansegolvet. Ho meiner fleire må ta ansvar for vidareføringa av dansetradisjonane. «Det verkar som einskilddansarane i miljøet er i ferd med å skrive frå seg ansvaret for å føre dansane vidare. Sjølv om det blir ytra sterke ønske om auka rekruttering, er det få av desse som tek i eit tak når det faktisk gjeld. Det manglar samsvar mellom ord og handling.» Meir i siste utgåva av Folkemusikk.

 

FOLKEMUSIKK I ÅL: Forfattaren Bergljot Nordal har vore på Folkemusikkveka i Ål. «Innimellom lèt eg meg likevel overbevise, rett og slett reint kjenslemessig, når eg ikkje tenker system og taktar. Som når Elias Akselsen slynger tatersongane og lengta si opp mot kyrkjetaket i Ål kyrkje, og Stian Carstensen dreg ut tonar som liknar på gråt og hjartesorg.» Meir om trivelege Folkemusikkveka i siste utgåve av Folkemusikk.

 

PORTRETTET: «Musikk er eit mål du aldri når. Og slik skal det også vera, ein kan aldri bli utlært.» Eit klokt sitat frå ein klok mann. Vi har møtt ikonet Hauk Buen.

 

 

***

 

Sladder, aktualitet, platemeldingar, i platehylla til dansar Ruth Wilhelmine Meyer, dansedebuten til Hæge Manheim, petit frå musikar Inge Andreas Jacobsen, smarte tankar frå musikar Sigrid Moldestad, debattinnlegg og mykje, mykje meir!

 

Bladet Folkemusikk er det einaste landsdekkande bladet for folkemusikk og folkedans, og bli lese av musikk- og kulturinteresserte over heile landet. Bladet Folkemusikk er i sal på Narvesen.

 

Bestille blad? Send ei melding til knut@folkemusikk.no, og vi registrerer deg som abonnent med det same! Eller: Send NAMN + FOLK til 2080 – og bli abonnent med det same!

Ute nå

I høst er det hundre år siden den russiske Oktoberrevolusjonen fant sted. oktoberrevolusjonen viste en hel verden at det ikke er naturgitt hvem som skal herske og hvem som skal herskes over. Revolusjonen var til stor inspirasjon for hele den norske arbeiderbevegelsen de første åra etter den fant sted. Årets siste nummer har oktoberrevolusjonen som tema, håper vi også klarer å overraske litt!

Kalender

 

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.