Folkemusikk 5 - 2013

Du kan lese om Eilif Gundersen sitt favoritthorn, intervju med fersk felemakar Bård Riise Hoel, om kvifor vi ikkje spelar sekkepipe i Noreg, om forsking på eldre langeleikar, om instrumentsamlingar i musea, om nyskaping og innovasjon og mykje meir!

Bladet Folkemusikk 5/13 er no på marknaden

 

Spesialutgåve om instrument og instrumentmiljøet i Noreg!

 

PORTRETTET: Tradisjonane han forvaltar, har røter langt ned i den mørkaste myteverda. Der trivst Magnar Storbækken godt. – Kvart horn har sin eigen lyd. Eg kan sjølvsagt arbeide med tonen, gjera han fyldigare, justere munnstykket og overgangen og i nokon grad perfeksjonere. Men i all hovudsak ber kvart horn på sin tone, ut frå naturgitte føresetnader. Difor er det eit mirakel kvar gong eit horn blir til eit instrument, seier Magnar.

 

KVA SLAGS FRAMTID? «Ja, det er jo sant: Det er nokon som må bygge hardingfela. Og laga munnharpa. Og utvikle og reparere. Men kven då? Folkemusikken læt så det durar og kling, proft og trad og nytt og vent. Men framtida for instrumenta, det dei skal spela på, verkar mørk.» Les Olav Norheim sine tankar om framtida for instrumentbygginga i Noreg. Meir på side 8.

 

LEIAR: Redaktør Knut Aastad Bråten sluttar etter snart sju år i redaktørstolen. Eit redaktørskifte gjev tid og rom til refleksjon og oppsummering – ei sjølvmelding for korleis redaktøren har arbeidd med bladet. Kva har vore filosofi og leiestjerne i arbeidet med bladet Folkemusikk, spør Bråten. «Gjennom reportasje og artiklar, leiarar og kronikkar har bladet teke mål av seg til å dyrke og fremje ei kritisk tenking om Folkemusikk-Noreg.» Meir på side 5.

 

TORADARMAKAREN: Olav Bergflødt er ein av svært få toradarbyggjarar i Noreg. Bergflødt er ikkje redd for å gjera feil. – No som eg har halde på i så mange år, er eg ikkje det. Eg veit stort sett kva ein ikkje bør gjera. Men det er mykje som skal stemma, seier Bergflødt. Og konkluderer: – Det er ikkje komplisert, det er komplekst. Sjekk meir på side 22.

 

STOPPAR FORFALL: Instrumentkonservator Vera de Bruyn jobbar til dagleg på Ringve Musikkmuseum i Trondheim. Her ligg den einaste profesjonelle verkstaden i landet for konservering av musikkinstrument. Målet er å stoppe forfall. – Mykje dreier seg om å styre omgjevnadane, mellom anna luftfuktigheita, seier Vera. Lær meir om korleis ein skal handtere gamle instrument, på side 17.

 

KONGELEG KLENODIUM: Det kongelege slottet har motteke mange gjenstandar sidan Noreg vart eit sjølvstendig land i 1905. Også instrument. I 1907 fekk kronprins Olav ein leik av spelemannen Johannes Halden (1844–1936) frå Valdres. Sidan har ingen høyrt meir om leiken. I 2005 var det bildereportasje i Se og Hør frå Prinsehytta i Sikkilsdalen – og på veggen, jau, der hang leiken til gamle Halden. Bladet Folkemusikk har fått eksklusivt høve til å trykke bilete av instrumentet. Bli med i spora etter det kongelege klenodiet.

 

UTDANNING: Kva skal til for å oppretthalde eit levande felemakarmiljø i framtida, spør felemakar Ottar Kåsa. «Talet på aktive felemakarar er i dag på eit historisk lågt nivå, og det er ei aukande bekymring for problemet frå eit samla miljø. Det er difor grunn til å spørje seg kva som ligg bak denne negative utviklinga, og kva skal eigentleg til for å halde liv i dei små folkemusikalske instrumentmakarmiljøa i Noreg?» Les meir på side 58.

 

***

 

Du kan lese om Eilif Gundersen sitt favoritthorn, intervju med fersk felemakar Bård Riise Hoel, om kvifor vi ikkje spelar sekkepipe i Noreg, om duppedittar og anna tilbehøyr til instrumenta, om forsking på eldre langeleikar, om instrumentsamlingar i musea, om utfordringar i den finske instrumentproduksjonen, om nyskaping og innovasjon i instrumentmiljøet og mykje, mykje meir!

 

Bladet Folkemusikk er det einaste landsdekkande bladet for folkemusikk og folkedans, og blir lese av musikk- og kulturinteresserte over heile landet. Bladet Folkemusikk er i sal på Narvesen. Bladet Folkemusikk blir gjeve ut med økonomisk støtte frå Norsk kulturråd og Rådet for folkemusikk og folkedans.

Ute nå

I høst er det hundre år siden den russiske Oktoberrevolusjonen fant sted. oktoberrevolusjonen viste en hel verden at det ikke er naturgitt hvem som skal herske og hvem som skal herskes over. Revolusjonen var til stor inspirasjon for hele den norske arbeiderbevegelsen de første åra etter den fant sted. Årets siste nummer har oktoberrevolusjonen som tema, håper vi også klarer å overraske litt!

Kalender

 

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.