Mellom #1 2016

Mellom – tidsskrift for omsett litteratur Nytt nummer i sal laurdag 20. februar Lansering under Oversatte dager 2016 på Litteraturhuset

Nytt nummer

Mellom gir ut sitt tredje nummer, med ein hovudbolk som tar for seg ulike sider ved omsetjing av teater. Edvard Hoem skriv om livet med Shakespeare, forfattar og dramatikar Kathrine Nedrejord om overteksting av performanceteater, Mellom har intervjua dramaturg og omsetjar Ola E. Bø, og vi trykker Oleg Bogajevs stykke Den russiske folkeposten i norsk omsetjing. I tillegg har vi ein bolk med tekstar av den franske forfattaren Édouard Louis, blant anna ein tekst skriven til Mellom om vanskane med å få omsett debutromanen sin til russisk.

 

Mellom kjem ut to gongar i året. Kvart nummer utforskar ein aktuell tematikk eller eit område innan omsett litteratur, gjennom skjønnlitteratur, essay, fagartiklar, intervju, presentasjonar av utanlandske forfattarar og verk i form av omsetjingar og lesingar, og ein litteraturkritikk som tar stilling til den omsette litteraturen nettopp som det.

 

Lansering

20. februar kl. 14.00 arrangerer Mellom ein samtale om teateromsetjing med forfattar og gjendiktar Edvard Hoem, dramatikar, poet og omsetjar Maria Tryti Vennerød og skodespelar, omsetjar, dramaturg og regissør Ole Johan Skjelbred. Korleis er det annleis å omsetje teater samanlikna med trykt tekst? Kva normer dominerer innanfor teateromsetjing i dag? Kva kan skje med ein tekst når den er innom så mange ulike tolkingsledd og så mange hender på vegen frå manus til scene? Samtalen er ein programpost under Oversatte dager i regi av NO og NFF, og vil finne stad på Amalie Skram.

 

Salsinformasjon, kontakt og lenker

Nummeret er i sal frå 20. februar og kan kjøpast i følgande bokhandlar i tillegg til utvalde Narvesen-kioskar: Tronsmo, Bislet Bok, Eldorado bokhandel, Audiatur, Tanum Litteraturhuset, Tanum Oslo City, Cappelens Forslag og Norli Universitetsgata i Oslo, Boksalongen i Bergen, Babel bok i Trondheim og i Møllegades boghandel i København.

 

Mellom kan også tingast her: salg@tidsskriftetmellom.no Kontakt oss elles på: redaksjonen@tidsskriftetmellom.no

Nettside: http://tidsskriftetmellom.no

På Facebook:
https://www.facebook.com/Tidsskriftet-Mellom-1622042651350011/

Lanseringsarrangement:
http://oversattedager.no/lordag-20-februar/
https://www.facebook.com/events/168389246867586/

 

Velkommen inn i Mellom.

Ute nå

I høst er det hundre år siden den russiske Oktoberrevolusjonen fant sted. oktoberrevolusjonen viste en hel verden at det ikke er naturgitt hvem som skal herske og hvem som skal herskes over. Revolusjonen var til stor inspirasjon for hele den norske arbeiderbevegelsen de første åra etter den fant sted. Årets siste nummer har oktoberrevolusjonen som tema, håper vi også klarer å overraske litt!

Kalender

 

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.