MELLOM #1 2017

Mellom #1/2017 rommar tekstar om og omsette tekstar av kvinnelege forfattarar, essayistar og poetar som vi meiner fortener meir merksemd – gjerne i form av omsetting til norsk

Hyllene i bokhandlane er ofte fylte av romanar pryda med løkkeskrift, blafrande gardiner og kvinneryggar. Særleg gjeld dette omslaga til den omsette litteraturen skriven av kvinner. Blant desse finst også kvalitetslitteratur av gjævaste slag, men han er ikkje alltid så lett å finne i mylderet av meir oppskriftsmessig kommersiell litteratur, laga av og for kvinner med eit mål om å selje i store opplag.

Kor stor del av den nyare omsette litteraturen utgjer desse bøkene? Kva kvinnelege forfattarar består han elles av? Og kven står førebels utanfor? Det var med desse spørsmåla at idéen til dette nummeret vaks fram.

 

Forfattarane i dette nummeret utgjer inga homogen gruppe, dei nærmar seg litteratur og skriving og ikkje minst verda på ulike sett. Vi har ikkje leita etter ein tematisk eller formmessig raud tråd når vi har jobba med utvalet, men eit kritisk, feministisk og nyskapande blikk er likevel gjennomgåande.

 

«Hvis ikke jeg var kunstner, hadde jeg vært terrorist», seier Werewere Liking i Erlend Wichne si omsetting. Liking er eitt av dei store namna i kamerunsk kunst og litteratur, og sitatet er svaret ho gav på spørsmål om kva ho ville ha drive med om ho ikkje hadde hatt kunsten. I dette nummeret av Mellom trykker vi Wichne si omsetting av eit utdrag frå hennar mest kjente roman, Elle sera de jaspe et de corail (journal d’une misovire), «Av jaspis og korall (ei misovirs dagbok)», frå 1983. Wichne peikar på at «mye av både det kunstneriske og sosiale engasjementet til Liking dreier seg om kvinner og kvinners rolle både i kunsten og i samfunnet.» Dette er første gong Liking står på trykk på norsk.

 

I Mellom #1 2017 kan du også lese eit utdrag frå Niviaq Korneliussens roman HOMO Sapienne (2014) i Ida Hove Solberg si omsetting. Romanen er skriven på grønlandsk og gjenskriven på dansk av forfattaren sjølv, og vart nominert til blant anna Nordisk Råds Litteraturpris 2015. Vi trykker også eit utdrag frå den nyleg utkomne Tell me how it ends – an essay in 40 questions (2017) av den mexicanske forfattaren Valeria Luiselli, omsett av Carline Tromp. Boka er basert på intervju forfattaren har gjort med latinamerikanarar i New York, også barn, som søkjer om opphald i USA og som risikerer å bli deporterte. Amerikanske medium har kalla boka Trump-æraens første must read-bok, ei brennaktuell og kritisk bok om amerikansk innvandringspolitikk. Elles er det omsette tekstar og dikt av forfattarar som Lucille Clifton (USA), Hilda Hilst (Brasil), Rita Indiana (Colombia), Dima Wannous (Syria) med fleire.  

Ute nå

Friskere eldre? I det nye nummret av Tidsskriftet kan du lese om HUNT-deltagere som er blitt friskere enn før. For å kunne planlegge helse- og omsorgstjenestene er det viktig å få kunnskap om hva man kan forvente av behov både for medisinsk oppfølging og for praktisk bistand.

Kalender

 

15.00-17.00 17. august 2017

TFs kontor, Litteraturhuset

16.00-20.00 6. september 2017

Litteraturhuset Oslo, Kverneland

16.00-16.00 14. september 2017

Litteraturhuset Oslo, Kverneland

16.00-20.00 9. oktober 2017

Litteraturhuset Oslo, Kverneland

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.