MELLOM #2/2019

Mellom #2/2019 tar opp tematikken unge og lovande i omsetting, og presenterer ferske omsettingar frå ferske omsettarar!

Atle Håland omset novella «Bad Mexican Dog I» av danske Jonas Eika, og skriv om sitt møte med både novella og forfattaren. Novella høyrer til Efter solen, som Eika fekk Nordisk råds litteraturpris 2019 for. Julia Wiedlocha omset dikt av polske Alicja Rosé, som også står for illustrasjonane i nummeret, og Martin Ingebrigtsen gjendiktar eit utdrag av amerikanske Nathaniel Farrell si nyaste utgiving Lost Horizon, og reflekterer kring korleis denne teksten skil seg frå debuten til Farrell, som Ingebrigtsen omsette for Samlaget.

Gina Tandberg skriv om ei omsettingsnøtt ho støytte på i arbeidet med omsettinga av tyske Simon Strauß sin roman Sieben NächteEivind Myklebust skriv om Åse-Marie Nessesi omsetting av Tynset av tyske Wolfgang Hildesheimer, og trekker tankane langs togskiner og rutetabellar. Ida Hove Solberg har omsett ein tekst av den franske historikaren Arlette Farge, som kjem i følge med eit essay av Solberg om arkiv, forsking og følelsar.

Dei fem fransk-omsettarane Thomas LundboIngse SkattumSynneve SundbyGøril Eldøen og Erlend Wichne jobba i fellesskap under årets Litteraturfest på Lillehammer med å omsette ei utdrag frå romanen Det amputerte minnet av kamerunske Werewere-liking Gnepo. Utdraget står på trykk i følge med eit intervju Wichne gjorde med Gnepounder festivalen.

I nummeret finst også utvalde dikt av iranske Fatemeh Ekhtesari, gjendikta av Nina ZandjaniEkhtesari har også skrive ein tekst om kva omsettarar og omsetting har å seie for ho som friby-forfattar. Denne er omsett av Christoffer Peder-EllefsenÅshild Lappehård Lahn omset eit utdrag frå nigerianske A. Igoni Barrett sin roman Blackass, og skriv om korleis innslag av ulike språk og språkvariasjonar i teksten kan utfordre omsettaren.

I tillegg fullører dette nummeret den litt aparte bolken med tekstar frå latinamerikanske land som byrjar på C. Kaja Rindal Bakkejord omset og skriv om eit utdrag av La hoja de aire av costaricanske Joaquín Gutiérrez og Idun Heir Senstad tar for seg novella «Tatuaje» av cubanske Legna Rodríguez Iglesias.  

Odd W. Surén har skrive ein omtale av Witold Gombrowicz’ Kosmos, omsett av Agnes Banach, og Kim Klev har tatt for seg David Bowie. Det siste intervjuet og andre samtaler, omsett av Heidi Sævareid. Nummeret inneheld også ein smakebit frå Norsk omsettarleksikon (NOleks), denne gongen skrive av Mette Karlsvik om Ivar Eskeland.

Ute nå

 I denne utgåva kan du lese om alt frå humanisme og flørting til musikk og korallrev, og mykje, mykje meir. 

BLI MED BALLADE BAK ORDENE LIVE!

Ballades serie om lyrikken i musikken, Bak ordene, går mandag 20. januar live sammen med Lars Lillo-Stenberg (som også vil framføre et par låter!), Rawdna Carita Eira og Brand Barstein.

Hvordan blir sangtekster til? Hva gjør lyrikken i musikken med sangene vi lytter til, hvorfor treffer de oss og hva kan de bety for oss?

Vi har med oss ingen ringere enn LARS LILLO-STENBERG, som også kommer til å spille et par låter; den samiske dikteren RAWDNA CARITA EIRA, som har skrevet sangtekster for blant andre Mari Boine og Hekla Stålstrenga og librettoen til operaen "Gállábártnit", som ble oppført i Toronto sist høst, og Brand Barstein, skribent hos blant andre Ballade.

Samtaleleder er Ballade-journalist Siri Narverud Moen.

Innledning ved Ballades redaktør, Guro Kleveland.

Vi gjør opptak for podkast som legges ut etter arrangementet.
Bak ordene live skjer i Fritt Ords lokaler i Oslo (rett ved Litteraturhuset) mandag 20. januar kl. 18.00 til 19.30. Enkel servering. Alt gratis.

Meld deg gjerne på på eventet på Facebook!

VELKOMMEN!

Ønsker du å låne kontoret?

Medlemstidsskriftene kan låne kontoret vårt i 4. etasje på Litteraturhuset i Oslo, fortrinnsvis etter kl 15. Trenger du det på dagtid, kan det som regel ordnes.

Send e-post til  post@tidsskriftforeningen.no for spørsmål/reservasjon.

Developed by Aplia - Powered by eZ Publish - Informasjonskapsler