Prosa #3 2021

Korleis jobbar ein faktasjekkar, og kor stort ansvar har fagkonsulenten for ferdig bok? Korleis påverkar konspirasjonsteoriar den offentlege samtalen, og kva treng vi eigentleg  meningsjournalistikken til no som alle kan publisere eigne synspunkt i sosiale medium? Alt dette kan du lese om i vårens tredje nummer av Prosa.

Prosa #3 2021 belyser temaet «Jakta på fakta» frå ulike synsvinklar: Kjerstin Gjengedal har forhøyrt seg om forlagsrutinane for kvalitetssikring av sakprosa. Øyvind Strømmen har intervjua forfattarane Maya Dusenbery og Brooke Borel om deira erfaring med faktasjekking. Strømmen er også sjølv intervjua i spalta Nøtta og kjelda om si nye bok om konspirasjonsteoriar.

Hva skal vi med kommentariatet? spør Eva Grinde, og ho har også opplysande svar. Margit Ims har lese og reflektert rundt to NOU’ar og Stortingsmeldinga om fullføringsreforma i vidaregåande skule.

I kritikkseksjonen melder Håvard Friis Nilsen Ståle Dingstads omdiskuterte Hamsun-bok og kommenterer resepsjonenen av boka så langt. Eirik S. Reinert har meldt Samenes historie fra 1751 til 2010 (red. Astri Andresen, Bjørg Evjen og Teemu Ryymin), medan Toril Opsahl har gjort ein heroisk innsats med å vurdere Ottar Grepstads særs omfattande tobindsverk Språkfakta 2020.

Nicolay B. Johansen og Anne Bitsch har begge kritiske innvendingar mot bøkene dei har lese, høvesvis Erling Folkvords bok om korrupsjon i politet og Hilde Reikrås/Ingunn Rørens forteljing om etterforsking av overgrepssaker på nett. Jørgen Moltubak har vurdert Gry Hegglis bok Omgangsskolelæreren i Almueskolen medan Kristian Bjørkdahl har skrive om fire aktuelle selvhjelpsbøker.

I tillegg er det to interessante bokmeldingar på finne på Prosas nettside: Jon Rognlien har meldt Min mor var besatt av Peter Øvig Knudsen (omsett av John Erik Frydenlund) og Min psykotiske mamma av Erik Nakkerud. Johanne Elster Hanson har meldt Bruddet. Byen som ville ha brexit av Yohan Shanmugaratnam (tekst) og Line Ørnes Søndergaard (foto).

I spalta Tidsskrifturné har Aasne Jordheim funne fruktbar dobbeltkommunikasjon i Faktafyk, sakprosatidsskrift for ungdom. I spalta Sakprosa i Norden skriv Hilde Sandvik denne gongen om ulike syn på koronahandteringa i Sverige. Spalta Blomar i bruksprosa gir eit skråblikk på FINN.no/Koronahjelp, signert pseudonymet Merrabitt.

Debattseksjonen har innlegg av Inge ÅsKnut Ståle Hauge og James Godbolt.

Illustrasjonane på omslaget og til Eva Grindes essay er signert Johanne Horthol som også er designar og biletredaktør for Prosa.

Michelet-debatten: Marte Michelets svar til Elise B. Berggren, Bjarte Bruland og Mats Tangestuen (Rapport frå ein gjennomgang av Hva visste hjemmefronten) blir ikkje publisert på prosa.no som tidlegare annonsert. Teksten vart så omfattande at den i staden blir gitt ut som bok av Gyldendal forlag.

Ute nå

Barn og Covid-19: Foreldres spagat i pandemien – og alle valg som har blitt tatt og skal bli tatt – er temaet som rommer forsiden i nyeste utgave av Tidsskriftet. Skal man holde barnet hjemme? Må vi teste nå? Og skal 12-åringen få vaksine?

Ønsker du kursinfo fra Tidsskriftforeningen?

Da kan du registrere deg her og få tilsendt informasjon om alle kurs vi arrangerer.

Fikk du ikke med deg alt? Se Tidsskriftdagen på Youtube!

Alle tidsskrift skal ha ISSN-nummer. ISSN-nummeret brukes til å identifisere tidsskriftet, og er det samme uansett årgang og utgavenummer.

Les mer her.

Ønsker du å låne kontoret?

Medlemstidsskriftene kan låne kontoret vårt i 4. etasje på Litteraturhuset i Oslo, fortrinnsvis etter kl 15. Trenger du det på dagtid, kan det som regel ordnes.

Send e-post til  post@tidsskriftforeningen.no for spørsmål/reservasjon.

Developed by Aplia - Powered by eZ Publish - Informasjonskapsler