Syn og Segn 1/15

Fyrste utgåve av Syn og Segn i 2015 er på marknaden! I den ferske utgåva kan du mellom anna lese meir om alderdom, den katolske biskopen i Oslo Bernt I. Eidsvig, barn og medisinering, posttraumatisk vekst og mykje meir.

ALDERDOM: Kva tenkjer 64-åringen om alderdomen som det ikkje blir noko av? Korleis er det å kjenne seg gamal i ein ung kropp? Og kvifor snakkar vi alltid over hovudet på eldre menneske? Geir Tryggve Hellemo, Lene Dieserud Ertner og Kristoffer Aune Kostveit ser alderdomen frå ulike synsvinklar. 

SAMTALEN: «Eg har ikkje vraka Den norske kyrkja. Ho har hjelpt meg på vegen», seier den katolske biskopen i Oslo Bernt I. Eidsvig i samtale med forfattar Mette Karlsvik – ein samtale som òg tek ein sveip innom Gud og fengselsopphald, klosterliv og sølibat.

MEDISIN: Barn får i større grad medisinar for psykiske plager no enn for ti år sidan. Bruken av antidepressiv blant unge jenter aukar, og bruken av sovemiddel har òg gått mykje opp. «I dag vil det vera radikalt å nekta menneske med ei alvorleg liding å ta ein medisin som hjelper», seier professor Ingeborg Hartz.

TYSKLAND: «Det er særsynt at ein stat så ope fører ein samanhengande diskusjon om dei mest skamlagde sidene ved si eiga fortid. Ei ekstrem og krevjande form for normalitet.» Jørgen Norheim om Tyskland og Berlin.

TRAUME: Har du eit traume, så har du ein kompetanse, skriv skribent og kioskeigar Alice Gudheim. «Eg ville ikkje ha vore noko av det forutan. I desse åra tok eg mi danningsreise, og det ville aldri skjedd utan barndomstrauma som høgoktanbrensel på tanken.»

FOTO: «Arbeidskarane arbeider med andre arbeidskarar og brukar karehendene og karestemmene og karevitsane. Dei handterer sprenghetter og hydraulikkmonster, slusar vatn og steinmassar ut og ryddar veg for oss andre.» Fotograf Aleksander Andersen og forfattar Bergljot K. Nordal har vore med arbeidskarar på tunnelarbeid.

Færre og færre brukar stemmeretten sin. Korleis kan vi revitalisere den demokratiske deltakinga i det 21. hundreåret, spør CIVITA-rådgjevar Eirik Løkke. Monica Bjermeland skriv om tilhøyrsle, tyrkiske røter og kvifor ho støttar Bioteknologirådet si tilråding om ikkje å opne for assistert befruktning av einslege kvinner i Noreg.

Jens K. Styve har dilla på fyllepennar, og skriv om dette i nyaste utgåve av Syn og Segn. Sist – og ikkje minst: Fast teikneserie ved Øystein Runde.

Syn og Segn vart stifta av Arne Garborg i 1894 og er eit av dei eldste og mest tradisjonsrike allmennkulturelle tidsskrifta i Noreg i dag. Syn og Segn er ein aktiv premissgjevar i det breie offentlege ordskiftet – ikkje berre for det nynorske kjernepublikummet, men òg for kulturinteresserte i alle samfunnslag.     

Ynskjer du å bestille abonnement? Gjer det no – her: SMS SYNOGSEGN + NAMN til 2080, eller sjå nettsida vår www.synogsegn.no

Ute nå

Håndleddsbrudd, klamydia og kreftceller blir lagt under lupen i siste utgave av Tidsskriftet.

Kalender

 

15.00-17.00 17. august 2017

TFs kontor, Litteraturhuset

16.00-20.00 6. september 2017

Litteraturhuset Oslo, Kverneland

16.00-16.00 14. september 2017

Litteraturhuset Oslo, Kverneland

16.00-20.00 9. oktober 2017

Litteraturhuset Oslo, Kverneland

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.