Syn og Segn 1/17

Syn og Segn fornyar seg stadig. I siste utgåve kan du lese meir om kjernefysikk og pengar, polonium-210 og kommunereform – og om ei av dei leiande feministane i Afghanistan, Shukria Barakzai.

AFGHANISTAN: Heile sitt vaksne liv har afghanske Shukria Barakzai kjempa for rettane til kvinnene. Ho er truga på livet, banka opp, og islamistar har prøvd å bombe henne til tausheit. Shukria har sidan februar 2016 vore Afghanistans ambassadør til Noreg, Finland, Danmark og Island, med base i Oslo. Ho blir rekna som ein framtidig leiar i Afghanistan. – Eg vil alltid slåst for verdiar. Eg kjem ikkje til å gje meg. Gjev eg meg, døyr eg.

 

POLONIUM-210: Aleksandr Litvinenko døydde for ti år sidan, etter å ha drukke ein sup av ein kopp te forureina av den livsfarlege isotopen polonium-210. I ein rapport etter rettssaka konkluderer dommaren med at drapet på Aleksandr var bestilt frå leiinga av FSB, og sannsynlegvis også frå Putin sjølv. Eksklusivt intervju med Marina Litvinenko, enka etter Aleksandr – i siste nummer av Syn og Segn.

 

BERRE RESSURSSVAK?: Nestleiar i Norges Handikapforbund, Toril Heggen Munk, skriv om redselen for å sparke nedover. Kva konsekvensar oppstår i fråværet av kritikk og ansvarleggjering av dei vi ser på som ressurssvake, spør ho.

 

KJERNEFYSIKK: Vi trur vi veit korleis universet vart til, og korleis alle grunnstoffa kunne oppstå. Men veit vi så mykje som vi trur? Forskar Jørgen Eriksson Midtbø tek deg med inn – i stjernene.

 

KOMMUNEREFORM: Lokaldemokratiet må bergast frå hopehavsfella – kvelande statstenarskap under børa av tunge oppgåver. Vegen ut av fella er ikkje større kommunar, men sterkare regionar, skriv professor emeritus Harald Baldersheim. Er du samd? Les artikkelen i siste utgåve av Syn og Segn.

 

BARNEOPPDRAGING: Vi lever i eit kontrollsamfunn der vi har vanskar med å stole på den ibuande klokskapen i born, vil nokon meine. Kva skal barneoppdraging vere i 2017? Kva slags rettleiing finn ein i til dømes kristendommen når det gjeld å vere ein god forelder? Assad Nasir, Ragnhild Laird Iversen og Håvard Nyhus tek eit blikk på barneoppdraging i Noreg i dag.

 

Interessert i ein PDF av bladet? Vil du vite meir?

 

Knut Aastad Bråten

907 68 797

www.synogsegn.no

www.facebook.com/synogsegn

Ute nå

Nordnorsk Magasin er i gang med den førtiende årgangen. I trettini hele år har bladet kommet ut til lesere spredt langt ut over i verden. Alltid har vi fortalt om nord – men slett ikke alltid bare om det nordnorske!

Kalender

 

18.00-20.00 24. mars 2017

Bergen offentlige bibliotek

17.00-20.00 5. april 2017

TFs kontor, Litteraturhuset

14.00-15.30 11. mai 2017

Fritt Ords lokaler, Uranienborgvn. 2, Oslo

16.00-20.00 11. mai 2017

Fritt Ords lokaler, Uranienborgvn. 2, Oslo

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.