Syn og Segn 1/20

Frå einsame menn og nabolandsperspektiv til Google og kunstig intelligens: I denne utgåva av Syn og Segn finn du tekstar som spenner over både det personlege og det globale.

FLYKTNINGKRISA: For nokre år sidan prega flyktningkrisa avisframsidene, men kvar er journalistane no? Har vi heilt gløymt båtflyktningane? Ida Johanne Aadland har snakka med Janne Hegna, som sidan 2016 har arbeidd som hjelpearbeidar i Hellas utan løn.

 

SAMTALEN: Journalist, forfattar og redaktør Hilde Sandvik meiner nordiske perspektiv gjev luft til norsk samfunnsdebatt, men har gått lei av Facebook-debattar og vert stadig meir kritisk til journalismen. I samtale med Øyvind Strømmen.

 

TEMA MENN OG PSYKISK HELSE: Korleis har dei det, menn som blir utsette for psykisk vald i parforhold, eller menn som mistar kontakten med ungane sine etter eit samlivsbrot? Vi veit at sjølvmordsstatistikken blant menn er høg, og at fleire menn enn kvinner tek livet sitt. Vi veit òg at nær 70 prosent av dei som får spesialundervisning i grunnskulen, er gutar. Skribentar som mellom andre Peder Kjøs og Maria Kjos Fonn utforskar temaet menn og psykisk helse.

 

KLIMASPRÅK: For å forstå det komplekse fenomenet klima og dei mange tydingane det kan ha, er det heilt naudsynt å studere korleis det vert snakka og skrive om klima og klimaendringar, skriv Kjersti Fløttum. Språkforskaren har sett på språket i det norske klimaengasjementet.

 

TIDSTJUVAR: Arbeider vi mykje meir enn det vi er klar over? Då Simen Dalehavn Faaberg fekk ein smarthøgtalar til jul, måtte han bruke tid på å lære han opp. I tillegg aukar bruken av sjølvbeteningskasser på butikken og sjølvinnsjekk på flyplassar. Er det ei forenkling, eller er det ein smart måte for bedriftene å lempe arbeidet over på forbrukarane?

 

I tillegg kan du lese ein spennande tekst om kunstig intelligens, eit nydeleg portrett av den makelause målaktivisten Annetta Garathun og skjønnlitterære tekstar av Øystein Orten.

Ute nå

Årets tredje utgave av Prosa er viet 25-årsjubileumet! Vi feirer med et fyldig jubileumsnummer og lansering av første episode av Prosapodden! 

Ønsker du å låne kontoret?

Medlemstidsskriftene kan låne kontoret vårt i 4. etasje på Litteraturhuset i Oslo, fortrinnsvis etter kl 15. Trenger du det på dagtid, kan det som regel ordnes.

Send e-post til  post@tidsskriftforeningen.no for spørsmål/reservasjon.

Developed by Aplia - Powered by eZ Publish - Informasjonskapsler