Syn og Segn 1 - 2014

Gje Brages heiderspris til Margit Sandemo, oppmodar Bråten. Forfattar Hans Olav Lahlum i samtale med den profilerte redaktøren Harald Stanghelle. Bedehussong på det ytste neset

Ny utgåve av tidsskriftet Syn og Segn

Syn og Segn 1-2014 er no endeleg på marknaden! Dette er også fyrste utgåve til ny redaktør, Knut Aastad Bråten.

  

Syn og Segn er eit av dei eldste allmennkulturelle tidsskrifta i dag, stifta av Arne Garborg i 1894. Tidsskriftet er ein aktiv premissgjevar i det breie offentlege ordskiftet – for det nynorske kjernepublikummet, men òg for kulturinteresserte i alle samfunnslag. Bråten har òg planar om endringar: 

"Eg ynskjer å leggje meir vekt på ulike sjangrar, ulike stemmer og ulike tilnærmingar. Mellom anna vil vi utfordre sjangeren endå meir, variere mellom faste satsingar og element, mellom journalistikk og formmedvitne essay. Eg ynskjer faste temaseriar i kvart nummer, nokre frie artiklar, eit internasjonalt blikk utanfrå, tilrådingar, lengre samtalar og biografiske portrett."

 

Meir konkret ser innhaldet i Bråten sitt fyrste nummer slik ut:

 

LEIAR: Gje Brages heiderspris til Margit Sandemo, oppmodar redaktør Bråten. «Margit Sandemo har vore ein viktig døropnar inn i ei litterær verd for mange nye lesargrupper – menneske som kanskje aldri tidlegare har brydd seg om litteratur i det heile.

 

SAMTALE: Det er i år 40 år sidan redaktør i Aftenposten, Harald Stanghelle, debuterte som skribent i Syn og Segn. «Det hende i mange år ofte at eg gjekk mellom innfødde storbyfolk på Bristol og undra meg over om eg no tedde meg rett.» Forfattar Hans Olav Lahlum i samtale med den profilerte redaktøren.

 

EMNE: Bedehussong på det ytste neset. Misjonsreiser og tungetale. Klosterliv, kvit kappe. Sølibat. Økologi, miljøvern og rettferdig fordeling av goda. Kven er dei kristne, og kva vil det seie å leve som praktiserande kristen i Noreg – i dag? Elisabeth Kleppe, Bror Haavar S. Nilsen og Ingvild Sandnes skriv om sitt kristenliv.

 

I OPPOSISJON: «Dei gamle klassiske motkulturane lever ikkje lenger. Dei er døde. Opp av grusen og oska veks det fram nye.» Halvor Fosli om motkulturistane Hans Rustad og Jon Hustad.

 

UTLAND: Ein by – fleire byar? «Integrasjon betyr snarare at du er velkomen til å leite etter strøk der likesinna bur.» Kva kan vi lære av Wien? Ein tekst om integrering i den gamle keisarbyen, skriven av Pål Veiden.

 

FRIE TEKSTAR: Biblioteksjef i Ålesund kommune, Mariann Schjeide, skriv om dei nye bibliotekarane. Forfattar Bergljot K. Nordal skriv om bøkene vi kanskje ikkje likar – men som vi likevel les. Dagfinn Nordbø har eit brennande engasjement for sosiale medium: «Facebook er nettet sitt svar på «Norge Rundt», ein orgie i erketypisk norsk kos og hygge. Så kvifor held vi fram med å vere der?»

 

TILRÅDINGA: Ragnild Lome: «Kroppen og teknologien er ikkje fråskilde: Vi er alle kyborgar.» Lome tilrår dikt, installasjonar og filmar som alle kretsar rundt tema om teknologi og natur.

 

Fast teikneserie ved Øystein Runde 

 

***

 

Syn og Segn har frå og med 2014 distriktskontor på Fagernes i Valdres. Redaktøren serverer feite serinakaker og eit glas H-mjølk – i tillegg til ein hyggeleg prat.          

 

Syn og Segn feirar 120 år i 2014 og har i jubileumsåret fått ny design, signert designar Aina Griffin.

Ute nå

Tema Avhengighet: Avhengighet gir ikke fritak for straff. Intervju med lege og forsker Knut Boe Kielland, omtale av boka Hva er avhengighet v/ Jahn Arne Olsen og artikkelen «Bør narkotika legaliseres?» av Øyvind Røed. Les vinnertekstene i årets tekstkonkurranse som ble arrangert i samarbeid med =Oslo.

Andre arrangementer

Nyheter fra Eurozine

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.