Syn og Segn 1/2019

Frå målarkunst til måtehald: I den nye utgåva av Syn og Segn er det ein stor samtale med kunstnar Håkon Gullvåg, tekstar om overkvalifisering, Jemen, klimaverstingar, folkekyrkja og amerikanorsk. Og mykje meir.

BYMANNEN: Hyttekultur dreier seg om meir enn dyre hytter og statusjag. Det dreier seg om noko som stikk endå djupare: om tilknyting, om å høyre til. Felles for mange av dei som får seg hytte, er ein livslang lojalitet til bygda og naturen rundt, skriv Knut Aastad Bråten, redaktør i Syn og Segn.

 

OVERKVALIFISERT: Fleire og fleire av oss brukar ein stadig større del av livet på skulebenken. Utdanningsboomen blir heia fram av politikarar i alle parti, men få stiller spørsmål ved om utdanning faktisk har den ønskte effekten, eller kva det kostar. Syn og Segn i samtale med Mats Kirkebirkeland i Civita om utdanning og overkvalifisering.

 

SAMTALE: Kunsten har gjentatt sitt farvel med måleriet. Men så lenge mennesket kan stanse ved eit bilde som står i ro, er måleriet ein stadig realitet for Håkon Gullvåg. For han er kunsten og politikken tett vovne saman, endå han ikkje vil kalle seg ein politisk kunstnar.

 

TEMA: Korleis kan språket få oss til å vakne, få oss til å sjå verda på nye måtar? Kvifor tek kulturlivet sjeldan ansvar for klima- og miljøutfordringane? Kvifor bør du bevare det gamle i staden for å kjøpe nytt – og kvifor treng vi eigentleg økonomane? Syn og Segn utfordrar fire skribentar til å skrive tekstar om tema som dei brenn for.

 

JEMEN: Det er ikkje ulovleg for norskeigde selskap å selje våpen eller militært utstyr via underselskap til land som er i krig. Men er det rett? Øystein Windstad om norsk våpensal.

 

KLIMA: Kvar handling betyr noko, kvar del av den globale oppvarminga betyr noko, kvart år betyr noko, og kvart val betyr noko. Men gjer vi nok? «Dessverre er ingen land i verda på veg til å kutte utsleppa i tråd med 1,5 °C, heller ikkje Noreg», skriv Asbjørn Torvanger og Borgar Aamaas.

 

RELIGION: Noreg er eit kristent land. Det er min påstand. Men stemmer det? Svara på spørsmålet vil variere alt etter kven ein spør. Men meiningsmålingar og tal for kyrkjebesøk og dåp tyder på at kristentrua er på vikande front, skriv biskop i Bjørgvin, Halvor Nordhaug.

  

Les også om sorbarane – Tysklands samar, om skule og utdanning, om amerikanorsk, måtehaldsfolk og totalistar.

Ute nå

Nummer 1 2019, har artikler om sosial reproduksjon, sjukehuskamp og pensjon, abortdebatt og et reisebrev fra markeringen av 100-årsdagen for mordet på Rosa Luxemburg i Berlin.

Ønsker du å låne kontoret?

Medlemstidsskriftene kan låne kontoret vårt i 4. etasje på Litteraturhuset i Oslo, fortrinnsvis etter kl 15. Trenger du det på dagtid, kan det som regel ordnes.

Send e-post til  post@tidsskriftforeningen.no for spørsmål/reservasjon.

Nyheter fra Eurozine

Developed by Aplia - Powered by eZ Publish - Informasjonskapsler