Syn og Segn 1.16

I den ferske utgåva kan du lese om USA og valkampen, om høgreekstremistane og vegen deira ut av hatet, om redsla for ikkje å vite nok om kunst, om toalettsaker, om Sogn og Fjordane og rammene for ytringsfridomen i Bygde-Noreg. Og mykje, mykje meir.

USA: Korleis fungerer det amerikanske valsystemet i dag? Kva nye politiske og økonomiske utfordringar står USA overfor? Og kven blir eigentleg den neste presidenten i landet? Hans Olav Lahlum, Ebba Boye og Are Tågvold Flaten tek eit blikk på det amerikanske samfunnet og valkampen frå ulike synsvinklar.

 

SAMTALEN: Terroristane vel offera sine meir eller mindre vilkårleg, og gjennom sosiale medium kjem brutaliteten tettare på oss enn nokon gong tidlegare. Professor Tore Bjørgo meiner ekstremistar har mykje til felles, anten dei er nynazistar eller jihadistar.

 

MANIPULERING: Propaganda og medviten villeiing er eldgamle triks for å ta kontroll over røyndomstolkinga. I ei tid der informasjon flerrar som lyn frå alle kantar, har propagandaverksemd gode kår, og forvirringa frodig grobotn. Geir Hågen Karlsen gir oss innsikt i propagandamaskineriet.

 

KUNNSKAP: Det er slåande kor ofte kunst fungerer som eit slags gravitasjonsfelt for arroganse. Når kunst gjer seg vanskeleg, er kunnskap avgjerande, men frykt for å verke dum kan vere til hinder for lysta til å lære, skriv Espen Borling Josefsen.

 

IKKJEVALD: Ikkjevaldelege revolusjonar kan høyrast ut som eit paradoks, men er oftast kraftigare kost enn kuler og krut. Bård Drange om strategisk bruk av ikkjevaldelege handlingar.

 

YTRINGSFRIDOM: Korleis er eigentleg rammene for ytringsfridommen, og korleis blir han praktisert i Kommune-Noreg? «Lojalitet til arbeidsgivar – kommunen – blir vektlagd meir enn lojalitet til det grunnlovsfesta vernet om sanningssøking», skriv Jon Wessel-Aas.

 

TOALETTSAKER: «Det me et og drikk, må ut att – anten det er fin vin eller harde skorper.» Kristin Fridtun om det vi gjer på toalettet, avskyen for ekskrement og kva ordet skit betyr. Og noko til.

 

ANNA: Brynjulf Jung Tjønn skriv om trivselsfylket Sogn og Fjordane og Janne Nygård om historia til tidsskriftet Syn og Segn. Fleire dikt av Anders Brenno, og teiknaren Flu Hartberg tek deg med til Nakkeskotseter.

Ute nå

Håndleddsbrudd, klamydia og kreftceller blir lagt under lupen i siste utgave av Tidsskriftet.

Kalender

 

15.00-17.00 17. august 2017

TFs kontor, Litteraturhuset

16.00-20.00 6. september 2017

Litteraturhuset Oslo, Kverneland

16.00-16.00 14. september 2017

Litteraturhuset Oslo, Kverneland

16.00-20.00 9. oktober 2017

Litteraturhuset Oslo, Kverneland

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.