Syn og Segn 2/15

Les meir om arkitektur, estetikk og etikk, om kvardagspoet og musikar Odd Nordstoga og kva for signal Noreg sender når vi nøler med å gje barn klagerett til FNs barnekomité. Les òg ein sterk tekst frå den kjende bloggaren Roy Ngerng, som skriv om ytringskåra i Singapore – og mykje, mykje meir.

ARKITEKTUR: Kvifor har ferdighus vorte ein folkeleg suksess? Kva legg vi eigentleg i omgrepet smak? Og korleis skal vi forstå etikken bak estetikken? Gaute Brochmann, Ola Sendstad og Even Smith Wergeland ser arkitektur, etikk og estetikk frå ulike synsvinklar.

 
SAMTALEN: «Før var eg meir oppteken av å vere smart og intelligent, kanskje bar eg på eit mindreverdskompleks. Eg tenkte at publikum var Morgenblad-lesarar», seier musikar Odd Nordstoga i samtale med bror Haavar Simon Nilsen.

 

KLAGERETT: Barnepsykolog og forskar Kerstin Söderström er bekymra for kva signal Noreg sender når vi nøler med å gje barn klagerett til FNs barnekomité.

 

SINGAPORE: «Eg vart saksøkt av den singaporske statsministeren Lee Hsien Loong. Så vart eg sparka frå jobben, og da eg tok ordet under ein demonstrasjon, vart eg ytterlegare straffa ved å bli sikta for to nye brotsverk.» Den kjende bloggaren Roy Ngerng skriv om ytringskåra i Singapore – i Syn og Segn.

 

KJØT: Vi et kjøt fordi det er tradisjon, fordi det er kultur, fordi det er ideologi. Kjøtindustriell ideologi. Men er det rett? «Eg har forlate førestillinga om at dyr er skapte for menneske. Måten vi utnyttar dei på, gjer oss umenneskelege», skriv Shabana Rehman Gaarder.

 

TEIKNINGAR: Korleis tolkar norske teiknarar den politiske og økonomiske makta i Noreg i dag? Syn og Segn har utfordra fem av dei fremste teiknarane i landet til å bidra med kvar si teikning.

 

ANNA: Under fyrste verdskrigen tok dei fleste i det nøytrale Noreg side for Storbritannia og Frankrike – mot Tyskland. Men ikkje alle. Espen Nævestad skriv om interessa for Tyskland – på nynorsk. Menneskerettsforkjempar Thor Halvorssen gjev eit oversyn over den globale kampen for menneskerettane: ti historier. Ti personar som – kvar på sitt vis – har kjempa og arbeidd for fred og fridom i landa sine. Lars Petter Sveen: «Ofte er livet så stort at eg ikkje finn fram i det. Men Anne Sextons poesi er alltid der og viser meg vegen.»

 
Syn og Segn vart stifta av Arne Garborg i 1894 og er eit av dei eldste og mest tradisjonsrike allmennkulturelle tidsskrifta i Noreg i dag. Syn og Segn er ein aktiv premissgjevar i det breie offentlege ordskiftet – ikkje berre for det nynorske kjernepublikummet, men òg for kulturinteresserte i alle samfunnslag.     

Ute nå

Er kvinnekamp fortsatt aktuelt, 70 år etter Det annet kjønn? Gnist-redaksjonen har lest deler av Det annet kjønn av Simone de Beauvoir, og Tomine Sandal har lest hele og ser på om boka fortsatt er aktuell, 70 år etter at boka først kom ut. Gnist-samtalen denne gangen er med Linn-Elise Øhn Mehlen og Kjersti Ericsson på tema feministisk praksis.

Ute på nett nå

Shuddhashar's  Issue 16 is published and ready for you to read.  We have articles on a range of topics related to our mission -- from climate change to the Rohingya refugees, and from a devastation in Iraq to the role of politics in the arts -- to name just a few. As always, we hope you will read ideas that inspire you to think, write, and act.

Ønsker du å låne kontoret?

Medlemstidsskriftene kan låne kontoret vårt i 4. etasje på Litteraturhuset i Oslo, fortrinnsvis etter kl 15. Trenger du det på dagtid, kan det som regel ordnes.

Send e-post til  post@tidsskriftforeningen.no for spørsmål/reservasjon.

Developed by Aplia - Powered by eZ Publish - Informasjonskapsler