Syn og Segn 2/16

Kven er dei norske muslimane? Har fluger eit indre liv?  Kva er det som avgjer kor dei upopulære velferdstenestene blir plasserte? Dette og meir til finn du i siste utgåva av Syn og Segn.

MUSLIM OG ISLAM: Kven er dei norske muslimane? Kva utfordringar står unge muslimske nordmenn overfor? Kva er eigentleg den arabiske offermentaliteten, og kvifor øydelegg islamistane religiøse symbol i borgarkrigsherja arabiske land? Assad Nasir, Lars Akerhaug, Fatema Al-Musawi og Nils Hallvard Korsvoll tek eit blikk på islam og på korleis det er å vere muslim i Noreg i dag.

 

SAMTALEN: Har fluger eit indre liv? Sannsynlegvis. Kan eit einskilt proton vere bevisst? Det er ikkje lenger utenkjeleg. Hjerneforskar Johan Frederik Storm forklarar teorien og eksperimenta som kan endre verdsbiletet vårt.           

 

NIMBY: Kva er det som avgjer kor dei upopulære velferdstenestene blir plasserte? Stipendiat ved institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo, Aleksander Bern, gir oss innsikt i samfunnsstrukturane.

 

VENSKAP: «Nyttårsaftan døydde ei ung jente i Valdres av avmagring. Ho er venelaus, omsorgsapparatet har svikta. På skulen til dotter mi får dei ikkje lov til å kalle seg bestevener. Korleis unngår vi at den sosiale styringa vert heilt på styr», spør Monica Bjermeland.

 

PÅ VENT: På asylmottak rundt om i landet sit unge gutar å ventar. Bak seg har dei lagt brotne forventningar og hundrevis av mil på ope hav og humpete vegar. Dei kjem frå land langt vekke, og ber på eit håp om noko anna. Kva drøymer dei om? Fotodokumentar ved Aleksander Andersen.

 

JONSSON: «Men livet skal eg aldri, aldri misse –» Forfattar Ingar Sletten Kolloen tek seks stopp i hundreåringen Tor Jonssons liv og dikting. Kvifor les så folk i dag ein lyrikar frå øvst oppi Gudbrandsdalen, som drap seg sjølv for 65 år sidan, og som endåtil skriv på nynorsk, spør Kolloen. Meir i Syn og Segn!

 

«JØDEN» Korleis vart «jøden» som konspiratør framstilt i norsk dagspresse mellom 1905–1925? Den dominerande førestillinga i dags- og skjemtepressa, er den abstrakte «jøden», ein adresselaus storleik, som svært sjeldan viste til konkrete jødar og jødiske grupperingar, skriv Lars Lien.

 

MUSEA: I eit museumsmagasin ligg det ein utstoppa hund med namnet «Bella». Ikkje langt unna ligg det ein liten hund med tre hjul. I eit anna museumsmagasin ligg det ein tredje hund. Er det berre tilfeldig, eller heng det eigentleg saman, spør museumsmann Per Magnus Sandmark Finnanger.

 

 

Interessert i ein PDF av bladet? Vite meir?

Knut Aastad Bråten: 907 68 797 / knut@synogsegn.no

Ute nå

I høst er det hundre år siden den russiske Oktoberrevolusjonen fant sted. oktoberrevolusjonen viste en hel verden at det ikke er naturgitt hvem som skal herske og hvem som skal herskes over. Revolusjonen var til stor inspirasjon for hele den norske arbeiderbevegelsen de første åra etter den fant sted. Årets siste nummer har oktoberrevolusjonen som tema, håper vi også klarer å overraske litt!

Kalender

 

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.