Syn og Segn 3/15

I den ferske utgåva kan du lese om framtidsskulen, Midtausten, om å snakke med seg sjølv, Armenia og kommunalt sjølvstyre. Og mykje meir.

FRAMTIDSSKULEN: Kva slags skule bør vi bygge for framtida? Kva slags nye læringsverktøy og ny teknologi bør skulen ta i bruk? Temaartiklar om framtidsskulen av Arne Krokan, Kari Hauge og Siv Måseidvåg Gamlem. Og dikt og foto om lærarkvardagen – sett gjennom linsa til Aleksander Andersen og frå skrivebordet til diktarane Frode Grytten, Einar Økland og Bergljot K. Nordal.

 
SAMTALEN: Kva gjekk gale under den arabiske våren? Kvifor var Syria fortapt frå dag ein? Og går verda mot ei meir eller mindre uroleg tid? «Ingen veit korleis dette endar. Det vi veit, er at ein institusjon som Tryggingsrådet aldri har vore så viktig som i dag», seier Midtausten-forskar Cecilie Hellestveit, som gir innblikk i spelet vi ikkje ser.

 

KOMMUNALT SJØLVSTYRE: Forskar ved Norsk institutt for by- og regionforskning, Sigrid Stokstad, meiner Noreg bryt folkeretten ved å ikkje la kommunane kunne gå til søksmål mot staten i offentlegrettslege saker og ved å ikkje grunnlovsfeste det kommunale sjølvstyret.

 

SJØLVSAMTALAR: «Sjeldan høyrer eller ser vi vaksne menneske som snakkar ope med seg sjølv. Og når og om det skjer, gjer vi det ikkje utan å føle at vi er vitne til noko unormalt, rart, sjukleg.» Sindre Andersen om sjølvsnakking og korleis det er å vere ein sjølvsnakkar – i siste nummer av Syn og Segn.

 

TTIP: Ein ny handelsavtale mellom USA og Europa er på trappene. Målet er å auke ein del av verdshandelen. Men avtalen er ein trussel mot demokratiske praksisar, skriv Kristine Erstad Vegard.

 

ANNA: Folkemordet i Armenia er eit sår som aldri gror, skriv Lene Wetteland. Mads Langnes har fatta interesse for ein heilt spesiell del av den norske bygningshistoria – katteopninga i løedørene. Tilrådinga denne gongen er vaskemaskina Turnamat, ein 1976-modell frå AEG.

 
Syn og Segn vart stifta av Arne Garborg i 1894 og er eit av dei eldste og mest tradisjonsrike allmennkulturelle tidsskrifta i Noreg i dag. Syn og Segn er ein aktiv premissgjevar i det breie offentlege ordskiftet – ikkje berre for det nynorske kjernepublikummet, men òg for kulturinteresserte i alle samfunnslag.              

 

Syn og Segn – om alt på nynorsk

www.synogsegn.no

Ute nå

Håndleddsbrudd, klamydia og kreftceller blir lagt under lupen i siste utgave av Tidsskriftet.

Kalender

 

15.00-17.00 17. august 2017

TFs kontor, Litteraturhuset

16.00-20.00 6. september 2017

Litteraturhuset Oslo, Kverneland

16.00-16.00 14. september 2017

Litteraturhuset Oslo, Kverneland

16.00-20.00 9. oktober 2017

Litteraturhuset Oslo, Kverneland

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.