Syn og segn 3/2012

Moderskapsmaset og det perfekte husmor-idealet kan true likestillinga i Noreg; les intervju om cupcakes, deltidsarbeid og morsrolla. Korleis bør ei fullgod forfattar-utdanning vere. Rettssaka der Åsne Seierstad vann i saka mot bokhandlarkona.

Syn og Segn 3/12 er ute:

Farlege kvinnetrendar og betre forfattarutdanning
Moderskapsmaset og det perfekte husmorsidealet kan true likestillinga i Noreg, meiner Toril Moi. I det nye nummeret av Syn og Segn blir ho intervjua om cupcakes, deltidsarbeid og morsrolla. Eldrid Lunden skisserer opp korleis ei fullgod forfattarutdanning burde vere, og Solveig Brandal skildrar rettssaka då Åsne Seierstad til slutt vann i saka mot bokhandlarkona Suraia Rais. 

 

Her er litt om artiklane i Syn og Segn 3/12:

Eldrid Lunden: Forfattarutdanning – in the making. Eit litteraturkritisk prosjekt
Vi kan skode tilbake på tretti år med skriveutdanningar i Noreg. Kvifor har ikkje utbygginga av forfattarutdanningane i Noreg kome lenger på desse åra? Eldrid Lunden skisserer opp kva ho legg i ei fullgod forfattarutdanning, som vi i dag ikkje har i Noreg.

Solveig Brandal: Seierstad, Cappelen Damm og bokhandlarkona Suraia Rais
Det er svært uvanleg at forfattar og kjelde tørnar saman i norsk rett om krenking av privatlivets fred. I ankesaka handla dei sentrale spørsmåla om litterær sjanger og samtykke. 

Astrid Grov: Kvinner og cupcakes. Intervju med Toril Moi
Norske kvinner bakar, strikkar og vaskar om kapp for å bli den perfekte husmora. På kva måte kan oppblomstringa av dei gamle husmoraktivitetane vere til hinder for likestillinga? Astrid Grov møter Toril Moi til ein samtale om feminisme og likestilling i dagens Noreg.

Tove Kårstad Haugsbø: Illustratøren Nikolai Astrup og den tapte boka
Kunstnaren Nikolai Astrup er kanskje mest kjend for dei store oljemåleria sine, men han var òg ein dyktig illustratør. Tove Kårstad Haugsbø undersøkjer dei etterlatne illustrasjonane hans og prøver å kome nærare eit svar på kvar den forsvunne boka ”Jølster-bogen” har tatt vegen.

Karen Marie Kvåle Garthus: Frå nynorsk til bokmål: Språkskifte i norsk skule
I Valdres skiftar om lag sytti prosent av elevar med nynorsk som hovudmål til bokmål, medan jamaldrande i Sogn og Fjordane held på språket sitt. Kvifor er det slik? Karen Marie Kvåle Garthus har gjort ei undersøking om språkskifte og prøver å komme med eit svar.

Atle Måseide: Skisse til eit språkleg danningsprosjekt i skolen
Norskfaget skal danne oss, men kva vil det seie å vere eit danna menneske? Atle Måseide meiner at framlegget til revidert læreplan, og dermed dårlegare kår for nynorsk, svekkar norsk som danningsfag.

Kirsti Lunde: Gudbrandsdalsosten – berre ein ost?
Då TINE varsla at dei skulle flytte produksjonen av Gudbrandsdalsost ut av Gudbrandsdalen, reiste dølane seg i protest. Kirsti Lunde utforskar engasjementet og historia rundt den norske osten.

Bjørg Seland: ”Til befordring av Guds rige”. Folkeleg pietisme og vekkingskristendom
Bedehuskulturen hadde si stordomstid frå 1870 til 1940. Bjørg Seland skriv om dei tette, pietistiske miljøa, og om skiljet mellom dei rett-truande og dei verdslege som kunne gå tvers igjennom små bygder og familiar.

Bente Riise: Eit stort, ope land. Leiar
Det var ein klår og knusande rapport 22.juli-kommisjonen og Alexandra Bech Gjørv la fram i august. Redaktør Bente Riise skriv om terroråtaka som kunne vore hindra, og konsekvensane rapporten burde ha for å utbetre terrorberedskapen i Noreg.

  

Elles i Syn og Segn 3/12:

Sara Olivia Berntsen: Nær. Fotoserie

Michael Ondaatje: Dikt og draum

Ute nå

Tema Avhengighet: Avhengighet gir ikke fritak for straff. Intervju med lege og forsker Knut Boe Kielland, omtale av boka Hva er avhengighet v/ Jahn Arne Olsen og artikkelen «Bør narkotika legaliseres?» av Øyvind Røed. Les vinnertekstene i årets tekstkonkurranse som ble arrangert i samarbeid med =Oslo.

Andre arrangementer

Nyheter fra Eurozine

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.