Syn og Segn 4/15

I årets siste utgåve kan du lese om feminisme, EU, kjensler og våpen. Og noko til.

FEMINISME: Kva er norske feministar opptekne av i dag? Kva nye utfordringar står feminismen overfor? Treng vi i det heile feminisme og feministar? Temaartiklane om framtidas feminisme er skrive av Katrine Sele, Jørgen Lorentzen, Merete Thomassen og Eva Løveid Mølster.

 

SAMTALEN: Nei til EU-leiar Kathrine Kleveland og leiar i Europa-bevegelsen Jan Erik Grindheim er usamde om det meste, bortsett frå dette: Kvifor EU står så lågt på agendaen i Noreg. Svaret plagar dei båe.

 

VÅPEN: Ifølgje UD var verdien av norsk våpeneksport i 2013 4,3 milliardar kroner. I 2014 rekna Statistisk sentralbyrå at Noreg er den sjette største våpeneksportøren i verda. Denne verksemda medfører ei rekke moralske problemstillingar, meiner Tove Lie.

 

KJENSLER: «Kjenslene er ei mektig kraft. Først og fremst fordi dei framleis er tabulagde i kraft av å tilhøyra den private sfæren og dermed kan utporsjonerast som eit sakrament.» Twitter-dronning Esther Moe om kjensler og når det blir for mykje av dei – i siste nummer av Syn og Segn.

 

DEMOKRATI: I dei fleste moderne vestlege demokrati får dei rikaste stadig meir og dei fattigaste stadig mindre. Dei aller fleste ser ut til å akseptere eit samfunn der nokon har meir ressursar enn andre. Er det norske demokratiet rusta for å halde den økonomiske ulikskapen nede også i framtida? Sirianne Dahlum om svakheitene i demokratiet.

 

RUINAR: «Heilt sidan eg var liten gut, har eg vitja ruinar. Ikkje fordi foreldra mine drog meg med, men fordi eg sjølv ønskte det. Mangelen på tak, på komplette strukturar, gjev tankane rom til å springe fritt. Fantasien er reise-følgjet ditt.» Riksantikvar Jørn Holme om ruinar og ruinromantikk.

 

ANNA: Cæcilie Stang har skrive om Alf Prøysen og den nære slektshistoria hans. Berit Schippers gjev oss eit innblikk i ein kvardag med eit multihandkappa barn. Fast teikning frå Øystein Runde.

 
Syn og Segn vart stifta av Arne Garborg i 1894 og er eit av dei eldste og mest tradisjonsrike allmennkulturelle tidsskrifta i Noreg i dag. Syn og Segn er ein aktiv premissgjevar i det breie offentlege ordskiftet – ikkje berre for det nynorske kjernepublikummet, men òg for kulturinteresserte i alle samfunnslag.              

 

Syn og Segn – om alt på nynorsk

www.synogsegn.no

Ute nå

Håndleddsbrudd, klamydia og kreftceller blir lagt under lupen i siste utgave av Tidsskriftet.

Kalender

 

15.00-17.00 17. august 2017

TFs kontor, Litteraturhuset

16.00-20.00 6. september 2017

Litteraturhuset Oslo, Kverneland

16.00-16.00 14. september 2017

Litteraturhuset Oslo, Kverneland

16.00-20.00 9. oktober 2017

Litteraturhuset Oslo, Kverneland

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.