Syn og Segn 4.19

I denne utgåva kan du lese om alt frå humanisme og flørting til musikk og korallrev, og mykje, mykje meir. 

  • Korleis har #metoo-kampanjen påverka flørten og det erotiske spelet mellom kjønna? Ylve Gudheim i prat med psykolog Fanny Duckert.
  • Bente Sandvig har gjennom eit langt yrkesliv kjempa mot Kyrkja si makt i det norske samfunnet. – Vi har ikkje ei statskyrkje lenger, men vi har noko som liknar fælt, seier Bente – i samtale med forfattar Linn T. Sunne.
  • Kva skal musikken utrette utover det reint musikalske? Finst ei djupare meining med han? Odd Nordstoga, Sandra Kolstad, Tor Espen Aspaas og fleire skriv om krafta i musikken i dag. Vi tilrår særleg teksten til Tor Espen Aspaas, som skriv personleg om musikk og funksjonshemming. «Bror min eig ingen ord og forstår dei ikkje, men han snakkar kroppsspråk flytande. Og han er glad i musikk.»
  • Utan å vite kva som er på havbotnen, er det umogleg å verne. Det er så mange som vil bruke havet, slik at vi skal få breiflabb på tallerkenen og bensin på bilen, skriv Silje Pileberg – som blei med forskarar på jakt etter korallreva i Norskehavet.
  • «Det er jo så opplagt at vi må ta vare på naturen, at vi må dyrke med klokskap og visdom, det er så sabla opplagt at det er øydeleggande å øydelegge» – skriv Bergljot Kaslegard.
  • I tillegg kan du lese glitrande tekstar om menn og strikking, av Sturla Pilskog, om kvinnebrølet, av Ingunn Thon, og korleis du kan bli betre til å trylle fram ord – av Øystein Søtvik Rekstad.

Ute nå

Hva er det med kunstfaglig arbeid som kan bidra til å fremme medborgerskap? Ny utgave av DRAMA retter søkelyset mot ulike marginaliserte grupper – fra flyktningbarna som jevnlig ankommer norske skoler til seniorer som opplever tap av verdi og tilhørighet.

Ønsker du å låne kontoret?

Medlemstidsskriftene kan låne kontoret vårt i 4. etasje på Litteraturhuset i Oslo, fortrinnsvis etter kl 15. Trenger du det på dagtid, kan det som regel ordnes.

Send e-post til  post@tidsskriftforeningen.no for spørsmål/reservasjon.

Developed by Aplia - Powered by eZ Publish - Informasjonskapsler