Kurs i kunstkritikk i Oslo, Trondheim og på nett

Publisert

Kva er ein god kunstkritikk? Korleis skrive ein leseverdig tekst? Me snakkar om kvalitetsvurdering, det vanskelege kunstspråket og kritikkens føremål. Kva kan skje når kunsten og kritikken kjem seg ut av bobla? Korleis jobbe med tolking, kontekstualisering og vurdering på ein måte som når breitt ut, utan å forsake fagleg presisjon?

Vi inviterer både nye og erfarne kunstskribentar til dette praktiske kurset. Det trengst fleire kunstkritikarar til tidsskrift, aviser og andre publikasjonar.

Kurset består av tre samlingar, og blir halde både i Oslo, Trondheim og digitalt. Kvar samling er på tre timar, og inneheld føredrag, diskusjon, gjennomgang av ulikarta kunstkritikk, skriveoppgåver og arbeid med eigne tekstar.

Oslo, Litteraturhuset

Samling 1:
9. november, kl. 13.00-16.00
Kunstkritikkens rolle
v/Maria Horvei og Johanne Nordby Wernø

Dommar eller fortolkar? Innkastar, brubyggar, omsetjar? Me snakkar om kvalitetsvurdering, det vanskelege kunstspråket og kritikkens føremål.

Samling 2:
16. november, kl. 13.00-16.00
Kunstkritikk som sjanger
v/Maria Horvei og Johanne Nordby Wernø

Kva skal ein kunstkritikk innehalde? Korleis ein kan forme det heile til ein leseverdig tekst? Me snakkar om språkbruk og autoritetsbygging – og om redaksjonelle forventingar og rammer.

Samling 3:
23. november, kl. 13.00-16.00
Kritikken i ei breiare offentlegheit
v/Maria Horvei og Johanne Nordby Wernø

Kva kan skje når kunsten og kritikken kjem seg ut av bobla? Me snakkar om kritikaren som aktør i ei breiare offentlegheit, og korleis det kunstkritiske perspektivet kan forvaltast her.

Pris: Kr 1500
Studentpris: Kr. 500
Påmeldingsfrist 1. september

Påmelding til kurs her

Trondheim, Trondhjems Kunstforening

Bispegata 9 A - tkf.no

Samling 1:
19. oktober, kl. 13.00-16.00
Kunstkritikkens rolle
v/Maria Horvei og Gustav Svihus Borgersen

Dommar eller fortolkar? Innsideaktør eller framandelement? Me snakkar om kvalitetsvurdering og kritikarens funksjon og posisjonering. 

Samling 2:
26. oktober, kl. 13.00-16.00
Kunstkritikk som tekst
v/Maria Horvei og Gustav Svihus Borgersen

Kva skal ein kunstkritikk innehalde? Korleis ein kan forme det heile til ein leseverdig tekst? Me snakkar om språkbruk og autoritetsbygging – og kva du helst bør unngå.

Samling 3:
2. november kl. 13.00-16.00
Kritikk og habilitet
v/Maria Horvei og Gustav Svihus Borgersen

Korleis handtere spørsmålet om habilitet som kritikar? Me snakkar om etiske gråsoner, å skrive i ein lokal kontekst og kven ein vel å skrive for.

Pris:  Kr. 1500
Studentpris: Kr 500
Påmeldingsfrist 11. oktober

Påmelding til kurs her

Nettkurs

Samling 1:
9. november, kl. 9.00-12.00
Kunstkritikkens rolle
v/Maria Horvei og Johanne Nordby Wernø

Dommar eller fortolkar? Innkastar, brubyggjar, omsetjar? Me snakkar om kvalitetsvurdering, det vanskelege kunstspråket og kritikkens føremål.

Samling 2:
16. november, kl. 9.00-12.00
Kunstkritikk som sjanger
v/Maria Horvei og Johanne Nordby Wernø

Kva skal ein kunstkritikk innehalde? Korleis ein kan forme det heile til ein leseverdig tekst? Me snakkar om språkbruk og autoritetsbygging – og om redaksjonelle forventingar og rammer.

Samling 3:
23. november, kl. 9.00-12.00
Kritikken i ei breiare offentlegheit
v/Maria Horvei og Johanne Nordby Wernø

Kva kan skje når kunsten og kritikken kjem seg ut av bobla? Me snakkar om kritikaren som aktør i ei breiare offentlegheit, og korleis det kunstkritiske perspektivet kan forvaltast her.

Pris: Kr 1500
Studentpris: Kr 500
Påmeldingsfrist 1. november

Påmelding til kurs her

Kurslærarar:
Maria Horvei er fagansvarleg for kurset, kritikar og skribent. Ho har dei siste åra skrive om kunst for m.a. Artforum, Klassekampen og Kunstkritikk, og vore redaktør for Vinduet.

Johanne Nordby Wernø er skribent, kritikar og kurator. Ho driv St. Hans, eit kommunikasjonsbyrå retta spesielt mot det visuelle kunstfeltet. (Fotograf Anne Valeur/St. Hans)

Gustav Svihus Borgersen er fagansvarleg for biletkunst ved universitetsbiblioteket ved NTNU, fast kunstspaltist for Adresseavisa og kritikar for ArtScene Trondheim.

Kurset er arrangert av Norsk tidsskriftforening i samarbeid med Kritikerlaget, med støtte fra Kulturrådet, Fritt Ord og Pressens faglitterære fond.

Powered by Labrador CMS