Journalistiske kurs

Coaching av skribentar:

Slik hjelper du folk med teksten

Tid: 6. april  kl. 12.00 – 16.00
Stad: Litteraturhuset i Oslo, Kverneland

Dersom du blir spurt til råds om ein tekst, er det lett å tenkje at «slik ville eg ha gjort det». Det er ikkje sikkert at det er den beste metoden. Då tar du over ansvaret for ein annans tekst, og det skal du neppe.

Som tekstcoach er løysinga som oftast å finne ut kva det er skribenten vil uttrykkje, og så la vedkomande finne ut av resten sjølv. Då er det heilt andre metodar du må ta i bruk. På dette kurset lærer du å stille dei spørsmåla som gjer at skribenten tenkjer seg om, kjem med nye forslag og utviklar sin eigen tekst. Dette skal vi også øve på.

Halvdagskurs kr. 750 – 12 plasser

PÅMELDING OG BETALING TIL "COACHING" HER

Kronikken

Tid: 21. april kl. 9.00 – 16.00
Stad: Litteraturhuset i Oslo, Kverneland

Kronikken har høg status, og er ofte godt lesestoff. På dette kurset ser vi på korleis du kan skrive ein kronikk. Vi tar for oss:

•             Ulike typar kronikkar
•             Oppbygging og dramaturgi
•             Om å kome godt i gang – tittel og anslag
•             Kva er fornuftig lengde på kronikken
•             Tilpassing til lesargruppa
•             Setningar og språk

Innan 8. april skal du ha sendt inn ein ferdig kronikk eller eit utkast. Vi går så gjennom dei på kurset og vurderer.

 Heildags kurs kr. 1000 – 12 plasser

PÅMELDING OG BETALING TIL "KRONIKKEN" HER

Portrettet i tidsskrift

Tid: 4. og 31. mai kl. 9.00 – 16.00
Stad: Litteraturhuset i Oslo, Kverneland

Mange forvekslar portrett med lange intervju, men det treng slett ikkje vere det same. For at noko skal kvalifisere som portrett krev vi litt meir enn lange spørsmål-svar-sekvensar. Nøkkelen er å gjere intervjuet til ein reportasje om ein person, og då må vi ta i bruk fleire verkemiddel enn opptaksutstyr. På dette kurset går vi gjennom dei metodane du treng for å lage eit fullverdig portrett. Vi ser mellom anna på dette:

•             Førehandsresearch
•             Førebuing av spørsmål
•             Observasjonsteknikkar
•             Scener
•             Det faglege og det personlege
•             Forskjellen på meiningar og refleksjonar
•             Forteljarstemma
•             Sitatbruk
•             Dramaturgi, oppbygging
•             Stil og språk

Kurset er delt i to. Den første gongen bruker vi tida på punkta over, pluss at vi ser på intervju som er publiserte. Til neste gong skal du ha skrive eit portrettintervju eller eit utkast, og så går vi gjennom det på kurset.

Kurs over to heile dagar kr. 1500 – 12 plasser

PÅMELDING OG BETALING TIL "PORTRETTET" HER

Tidsskriftforeningens faktaark er korte oppskrifter på hvordan man planlegger og/eller utfører forskjellige aktiviteter og oppgaver i forhold til drift av tidsskrift.
Her kan du laste ned og printe ut alle våre faktaark.

Developed by Aplia - Powered by eZ Publish - Informasjonskapsler