Folkemusikk 4/2021

Korleis høyrest den eldste innspelte folkemusikken i Noreg ut? Er joiken terapi, protestsong eller både delar? Korleis kombinerer ein politisk engasjement og engasjement for folkekulturen? Dette og mykje meir les du om i julenummeret av Folkemusikk!

Er folkemusikkfeltet politisk engasjert? Og om så, korleis gjev det utslag for deltakarar og interesserte landet rundt? Årets siste nummer av Folkemusikk ser på dette i ei rundspørjing mellom politikarar som er del av miljøet.

Sinikka Langeland er forvaltar og attskapar av skogfinsk arv i Noreg. No fyller ho seksti og gjev samstundes ut ny plate, der det andelege har fått stor plass. Nye plater kjem det òg frå Jutullaget, Ingrid Storlimo, og Øyonn Groven Myhren med Sisu Slagverksensemble. Blåmann Blåmann har på si side gjeve ut gamleplata si på nytt, og fekk i samband med det eit hjarteleg møte med eit trufast publikum – som viska ut dei tjue åra som er gått sidan kvartetten tok Folkemusikk-Noreg med storm.

Er joiken terapi, protestsong eller både delar? Du får ein innblikk i korleis denne songforma har skapt, og framleis skapar identitet og tilhøyrsle. I bladet fortel John Ole Morken òg om korleis gamle voksrullar avslører lyden frå gammeltida, til inspirasjon for nye utøvarar, og Ottar Kåsa syner fram arbeidet sitt med nye instrumenttypar med hardingfela som ideal.

https://www.folkemusikk.no/folkemusikk-2021-4-innhald/

Ute nå

Temaet denne gang er samling, og favner bl.a. livmor på sprit, teoretisering om museumsfotografiet og spørsmål om fornyet gjenstandsfokus kan ses som en protest mot opptattheten av samfunnsrollen.

Ønsker du kursinfo fra Tidsskriftforeningen?

Da kan du registrere deg her og få tilsendt informasjon om alle kurs vi arrangerer.

Fikk du ikke med deg alt? Se Tidsskriftdagen på Youtube!

Kunsthåndverk søker redaktør

Utlysningstekst finner du her.

Alle tidsskrift skal ha ISSN-nummer. ISSN-nummeret brukes til å identifisere tidsskriftet, og er det samme uansett årgang og utgavenummer.

Les mer her.

Ønsker du å låne kontoret?

Medlemstidsskriftene kan låne kontoret vårt i 4. etasje på Litteraturhuset i Oslo, fortrinnsvis etter kl 15. Trenger du det på dagtid, kan det som regel ordnes.

Send e-post til  post@tidsskriftforeningen.no for spørsmål/reservasjon.

Developed by Aplia - Powered by eZ Publish - Informasjonskapsler