Syn og Segn 1.22

Ragnar Hovland blir 70 15. april i år. Men festen er alt i gang i Syn og Segn. I intervju med Sigrid Sørumgård Botheim innrømmer Hovland at «eg har kjensler, sjølv om dei sit langt inne».  Litteraturkritikar Eivind Myklebust har gjenlese klassikaren Sveve over vatna og skriv om tull og alvor hos Hovland.  

Denne gongen handlar det også om mat og moral. For vi i den vestlege verda et på ein måte som pressar klimaet, produksjonsdyra og som set framtidig matproduksjon i fare. Forfattar og Nationen-spaltist Kari Gåsvatn tek til orde for at diskusjonane om mat må bli mindre nærsynte. Det vi treng er mindre moralisering og større forståing for måten maten blir produsert på, hevdar ho. Eirik Magnus Fuglestad, som er odelsgut og forskar i Ruralis – institutt for rural- og regionalforsking, tek eit ramsalt oppgjer med rådande norsk landbrukspolitikk. Fuglestad skriv at vi lukkast med å lage billeg mat til mange menneske, men at prisen er fallande berekraft i alle ledd. Mat-formidlaren Gyro Knutsdotter Homme fortel om kvifor alle bør dyrke meir mat sjølv. Det er ikkje fordi det er lett, men nettopp fordi det er vanskeleg. Vi treng å tenkje annleis om mat – ein kastar ikkje den halve  gulrota ein har dyrka fram sjølv, skriv Homme. 

 

Kritikar Maria Horvei skriv om identitetspolitikk og kanselleringskultur. Ho slår fast at  identitetspolitikarar slett ikkje er åleine om å agere som moralpoliti, heller ikkje om boikott-krav. Debattkulturen på nett er blitt eit av dei største problema for den offentlege samtalen. Den har blitt eit spel som handlar om å vinne og som eine og åleine produserer taparar, skriv Horvei. 

 

Andrés Rodríguez-Pose, som er professor ved London School of Economics og ved Universitetet i Stavanger, er opptatt av sambandet mellom økonomi og høgreradikalisme.   I Syn og Segn fortel han om korleis framgang for ytre høgreparti heng tett saman med langvarig økonomisk tilbakegang på landsbygda. Rodríguez-Pose kallar det hemnen frå stadene ingen bryr seg om. Skodespelaren Marianne Hetland skriv om den gongen det gjekk opp for henne at ho var fleirkulturell.  Professor Stephen J. Walton fortel den ukjende historia om korleis koloniseringa av Latin-Amerika påverka synet på sex mellom menn i Europa.  

Syn og Segn 1-2022 er ute no.

Om du har spørsmål, ta kontakt med astrid@synogsegn.no

Tlf: 918 09 653

Ute nå

I Tidsskriftet nr. 7/2022 kan du blant annet lese mer om dette: Mekanisk trombektomi ved hjerneinfarkt,  Covid-19-vaksinasjon blant europeiske innvandrere og at vegetar- og vegankost er sunt – med noe tilskudd

Ønsker du kursinfo fra Tidsskriftforeningen?

Da kan du registrere deg her og få tilsendt informasjon om alle kurs vi arrangerer.

Fikk du ikke med deg alt? Se Tidsskriftdagen på Youtube!

Kunsthåndverk søker redaktør

Utlysningstekst finner du her.

Alle tidsskrift skal ha ISSN-nummer. ISSN-nummeret brukes til å identifisere tidsskriftet, og er det samme uansett årgang og utgavenummer.

Les mer her.

Ønsker du å låne kontoret?

Medlemstidsskriftene kan låne kontoret vårt i 4. etasje på Litteraturhuset i Oslo, fortrinnsvis etter kl 15. Trenger du det på dagtid, kan det som regel ordnes.

Send e-post til  post@tidsskriftforeningen.no for spørsmål/reservasjon.

Developed by Aplia - Powered by eZ Publish - Informasjonskapsler