Alle er for ytringsfridom, men kor lett er det å utøve? Vi inviterer til seminar for skribentar og redaktørar om ytringsmot. Kvar hentar ein motet frå, kva skal til for å utøve ytringsfridom?
Tid og stad: 1.11. 15.00-17.00 i kantina til Aschehoug/Universitetsforlaget, Sehesteds plass
På seminaret kjem dyktige skribentar og redaktørar og fortel om korleis dei arbeider og tenkjer, kva erfaringar dei har gjort seg med å publisere kontroversielle, sterke og modige ytringar.
Redaktørane Ole Martin Mortvedt i Politiforum og Tove Lie i Khrono fortel om saker og stormar dei har stått i.
Jurist Anine Kierulf, Joachim M. Lie fra Fritt Ord, redaktør Ivar Kvistum i Handikapnytt/leder i Fagpressens Redaktørforum og andre kommer for å legge fram tanker og perspektiver på ytringsmot.
Nokre har trekt seg frå den offentlege debatten. Kva med dei mange som lar vere å ytre seg fordi dei ikkje tør, eller er usikre på konsekvensane? Kor stor er sjølvsensuren blant dei som skriv og publiserer, og er den meir utbreidd no? Vi trur at det er behov for litt opp-tøffing og mobilisering. Vi trur ikkje at det er nok å seie at vi skal praktisere ytringsfridom, vi må våge det òg. Jurist Anine Kierulf og representantar frå Fritt Ord, Fagpressen og andre kjem for å diskutere ytringsmot. Kvar går grensene, og kvar bør vi vere forsiktige?
Treng vi ein Ver Modig-plakat?
Pressa har sin Ver varsam-plakat, men treng vi no ein Ver Modig-plakat? Vilkåra for ytringsfridom i ulike bransjar og miljø kan vere så ymse, og utviklinga i offentleg sektor går feil veg, jf. ein Fafo-rapport. Norsk tidsskriftforening og Fagpressen representerer meir enn 350 norske publikasjonar; kulturtidsskrift, politiske tidsskrift, bransjeblad, fagpublikasjonar og vitskaplege tidsskrift. Vi vil heve ytringskompetansen nokre hakk for skribentar og redaktørar, og vi inviterer også frilansjournalistar og andre skribentar. Seminaret er ope for alle.
Kva trengs av rammer og tryggleik?
Korleis skal vi hindre at truslar og risiko for sanksjonar svekkjer ytringsfridom og tar motet frå skribentar og redaktørar? Å stå i stormen kan vere tøft. Korleis agere i offentlegheita og forsvare ytringane? Kva er fundamentet vi står på? Kvar står redaktørane og kva er deira rolle når det bles? Ein treng strategiar når det blir ille; konkrete råd og tips om korleis ikkje å ta det personleg, men bli styrka i den rolla ein har, ta på rustninga og stå i kampen.
Vi håper seminaret bidrar til viktig erfaringsdeling, og å bygge nettverk på tvers av fagfelt, bransjar o.l.