Kurs 9. november 2023: Dramaturgi

Dette er eit kurs om dei elementa vi bruker for å gjere tekstar levande og spennande. Vi går gjennom dei eitt for eitt, og vi skal også analysere tekstar deltakarane har skrive.

Dramaturgiske verkemidlar er alt vi gjer for å få ei forteljing til å leve. Det kan vere oppbygging, handling, scener, dialog, språklege påfunn, tidsskifte, temposkifte, perspektivskifte, vendepunkt og ein heil del til. Først og fremst bruker vi ordet dramaturgi om forteljingar. I andre sjangrar kan oppbygging vere eit like greitt ord.

Nøkkelen er korleis vi byggjer opp spenninga i teksten. Somme avsnitt kan gå sakte og ha relativt få spenningselement, medan andre kan ha mykje handling og raske skift. Dette må vi gjere medvite for at spenningskurva ikkje skal bli flat og teksten tilsvarande. 

Dette er eit kurs om dei elementa vi bruker for å gjere tekstar levande og spennande. Vi går gjennom dei eitt for eitt, og vi skal også analysere tekstar deltakarane har skrive.

Tid og stad:
9. november, kl. 09.00-16.00, Litteraturhuset i Oslo, Kverneland

Pris:
Kr. 1250,- inkl. enkel lunsj

Påmelding her, frist 6. november kl. 12.00.

Fagleg ansvarleg og kurslærar: Asgeir Olden

Fram til 2021 var han i femten år på Institutt for Journalistikk, der han hadde ansvaret for dei fleste av skrivekursa på instituttet. Før den tid var han journalist og redaktør, først i Sunnmørsposten, så i Dag og Tid, Bergens Tidende og Nynorsk Pressekontor. Han har skrive ni bøker, og sat som representant for Presseforbundet i Norsk Språkråd i 16 år. Han har halde ei rekkje kurs for Norsk tidsskriftforening dei siste ti åra.

Powered by Labrador CMS