Invitasjon til redaktørtreff: Kvar vart alle dei gode dagane av?
Eller fem gode råd om kvardagslukke. Ragnhild Bang Nes er psykolog og ekspert på kva som kan gjerast for å få tilbake energi og livslyst. Ho kan fortelje om sine tips og råd, som er basert på omfattande forsking og erfaring.
Tid og stad: torsdag 16. februar klokka 17.00 – 19.00 på Litteraturhuset, kontoret
Det har vore eit par tøffe år for mange, og kanskje særleg utfordrande for dei som ikkje har store arbeidsmiljø. Som tidsskriftredaktørar. Mange har kjent seg meir slitne og energilause enn før, blitt heil- eller halvt sjukmelde, er blitt meir stressa eller har mista flyt og piff. Kvar vart kvardagslukka og arbeidsgleda av? Å jobbe så mykje aleine over lang tid gjer noko med oss, men vi kan snu og endre på ting også.
Ragnhild Bang Nes er psykolog og ekspert på kva som kan gjerast for å få tilbake energi og livslyst. Ho kan fortelje om sine tips og råd, som er basert på omfattande forsking og erfaring. I fjor gav ho ut boka «Lykkekuren», ei popularisert framstilling av kunnskapen på feltet.
Vi har invitert henne til å dele kunnskap og kome med råd. Etterpå kan dei som vil stille spørsmål, dele erfaringar eller diskutere. Dette er eit lukka møte berre for redaktørar.
Mat og drikke: Vi spanderer pizza, brus og vin til dei som vil ha.
Arrangementet er gratis, men vi vil gjerne ha påmelding her.