Liker du biletkunst, litteratur, teater eller andre kunstuttrykk? Kanskje film og foto, dataspel og musikk?

Tidsskriftet Jaja søker deg som vil anmelde kunst og kultur! 

- I prosjektet "Nye stemmer om kunst og kultur" skal vi bygge opp nye stemmer som kan bidra til offentleg debatt og kritisk refleksjon, med vekt på kunst- og kulturkritikk, sier Tora Hope, redaktør i Jaja.

Som deltakarar i prosjektet får du:

  • Kursing og rettleiing i å lage god kunst- og kulturkritikk
  • Dekka kost, losji ved behov og reise
  • Gratis billettar til kulturarrangement
  • Moglegheit til å bli bidragsytar i Tidsskriftet Jaja etter prosjektet

Deltakarane skal:

  • delta på kritikkseminaret 27. - 28. april i Dale i Sunnfjord
  • levere minst ein kritikk av ei kunst- eller kulturoppleving til Tidsskriftet Jaja innan 1. mai 2024, i valfritt format (tekst, lyd, film, etc).

Prosjektet er for ungdom og unge vaksne frå 16 til 36 år som er:

  • interessert i kunst og kultur
  • likar å skrive eller formidle
  • har lyst å utvikle formidlingsevnene sine saman med andre

Vi oppmodar personar med minoritetsbakgrunn til å søke og legg gjerne til rette for ulike behov.

Ingen krav til erfaring.

For å delta melder du interesse til forteljesenteret@jakobsande.no innan 2. april 2024. Avgrensa plassar. Skriv kort om kvifor du vil delta og litt om deg som søker.

I søknaden fortel du kvifor du ønskjer delta i programmet, litt om deg sjølv og interessene dine!

P.S: Er du ikkje målgruppa? Tips gjerne nokon du kjenner.

Prosjektet er støtta av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Se Kritikarseminaret i Fjaler - Facebook.

Powered by Labrador CMS