Kurs 19. oktober 2023: Portrettet
På dette kurset går vi gjennom dei metodane du treng for å lage eit fullverdig portrett.
Mange forvekslar portrett med lange intervju, men det treng
slett ikkje vere det same. For at noko skal kvalifisere som portrett krev vi
litt meir enn lange spørsmål-svar-sekvensar. Nøkkelen er å gjere intervjuet til
ein reportasje om ein person, og då må vi ta i bruk fleire verkemiddel enn
opptaksutstyr. På dette kurset går vi gjennom dei metodane du treng for å lage
eit fullverdig portrett.
Vi ser mellom anna på dette:
• Førehandsresearch
• Førebuing
av spørsmål
• Observasjonsteknikkar
• Scener
• Det
faglege og det personlege
• Forskjellen
på meiningar og refleksjonar
• Forteljarstemma
• Sitatbruk
• Dramaturgi,
oppbygging
• Stil og
språk
Tid og stad:
19. oktober, kl. 09.00-16.00, Litteraturhuset i Oslo, Kverneland
Pris:
Kr. 1250,- inkl. enkel lunsj
Påmelding her, frist 16. oktober kl. 12.00.
Fagleg ansvarleg og kurslærar: Asgeir Olden
Fram til 2021 var han i femten år på Institutt for
Journalistikk, der han hadde ansvaret for dei fleste av skrivekursa på
instituttet. Før den tid var han journalist og redaktør, først i
Sunnmørsposten, så i Dag og Tid, Bergens Tidende og Nynorsk Pressekontor. Han
har skrive ni bøker, og sat som representant for Presseforbundet i Norsk Språkråd i 16 år. Han har halde ei
rekkje kurs for Norsk tidsskriftforening dei siste ti åra.