Tysdag 8. april i Kverneland, Litteraturhuset i Oslo kl. 12.30 – 13.30

Seminar: Redaktørlønn, honorar og pengeknipe

I forbindelse med årsmøte 2025 inviterer vi til et internt seminar for medlemmer.

Dei økonomiske vilkåra i tidsskrifta er svært ulike, men tronge for dei fleste. Ein del tidsskrift har heiltids tilsette redaktørar, nokre på deltid, medan andre ikkje har råd til å løne redaktøren.

I Kulturrådet er det ikkje eit absolutt krav å følgje satsane for frilansarar/kritikarar, men mange har likevel oppfatta det slik. Mange tidsskrift slit med å kunne følgje satsane og samstundes lønne redaktøren. Er dette eit uløyseleg dilemma? Korleis kan tidsskrifta sikre frilansarar og redaktørar betre økonomiske rammer? Kva ansvar har Kulturdirektoratet, og kva kan dei krevje av tidsskrifta? Kva tenkjer redaktørane om skvisen dei står i, og kva blir konsekvensane av den? 

Vi vil invitere til ein samtale og diskusjon om økonomi, redaktørlønn og honorarpraksis i tidsskrifta.

Påmelding: Vi ønskjer påmelding til både seminaret og årsmøtet, meld deg på her.

Powered by Labrador CMS