Motmakt og flat struktur

- Redaksjonen har flat struktur og alle har sine eigne kjepphestar. Så vi enda opp med ei rekkje spennande synspunkt på geografiske, faglege og kulturelle utkantar, seier Preben Sørheim, redaktør for Røyst 2/2014. Det Bergensbaserte tidsskriftet fekk heiderleg omtale under utdelinga av Årets tidsskrift.

- Gratulerer med pris – vart du overraska?

- Takk for det! Vi blei lettare sjokkert, faktisk. Og veldig glade då sjokket hadde lagt seg. 

- Kva var målet ditt då du begynte som redaktør?

- Målet med Røyst #2 Utkant var å studere utkant-Noreg med venstreintellektuelle briller, for å seie det på ein klein måte. Redaksjonen har flat struktur og alle har sine eigne kjepphestar som dei vil få inn i utgåva. Så vi enda opp med ei rekkje spennande synspunkt på geografiske, faglege og kulturelle utkantar.

Personleg ville eg også at Røyst skulle stå i opposisjon til det blåfarga elementet i kommentaravdelinga til Bergens Tidende. Dette elementet er eit godt bilete på Vestlandets maktesløyse. Redaksjonsmedlem Peter Hatlebakk oppsummerer det godt: «Velgeradferden er virkelig annerledes på Vestlandet. Men motmakt handler om å gjøre verden annerledes enn den er ved å ta makt fra dem som har den fra før. Velgeren som stemmer på Erna Solberg, Terje Søviknes eller Sveinung Rotevatn gjør derfor enten en veldig ineffektiv protest, eller så protesterer han ikke overhode.»

For å seie det slik: Som sunnmøring visste eg ikkje kven Georg Johannesen var før eg byrja å lese BT, og no når eg veit det, er det framleis eit mysterium kvifor han blir omtalt saman med shippingnæringa og Erna Solberg. 

- Kva betyr denne prisen for deg/tidsskriftet?

Det betyr at vi gjorde eit eller anna rett, og når vi klarer å finne ut kva det er, vil halde fram med det. 

Foto: Egil Paulsen, redaksjonsmedlem i Røyst

Ute nå

Håndleddsbrudd, klamydia og kreftceller blir lagt under lupen i siste utgave av Tidsskriftet.

Kalender

 

15.00-17.00 17. august 2017

TFs kontor, Litteraturhuset

16.00-20.00 6. september 2017

Litteraturhuset Oslo, Kverneland

16.00-16.00 14. september 2017

Litteraturhuset Oslo, Kverneland

16.00-20.00 9. oktober 2017

Litteraturhuset Oslo, Kverneland

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.