Nullmoms for tidsskrifta også

Tidsskrift med hovudsakleg politisk, litterært eller religiøst innhald blir friteke digital moms frå 1.juli 2020. Dette inneber at fagpresse og tidsskrift blir likestilte med avisene. 

Det har tatt fleire år å få dette på plass, men no skjer det endeleg. Alle medieorganisasjonane har stått bak kravet om digital nullmoms – også for tidsskrift, fagpresse og djupnejournalistikk. Til no har dette vore for nyheitsbaserte aviser.

Norsk tidsskriftforening har hatt fleire møte, deltatt på høyringar og anna dei siste åra for å få til ei likestilling mellom papir og nett, men det er vår kollega Fagpressen som har stått for storparten av grunnlagsarbeidet. Vi er svært glade for resultatet, og håper dette kan bidra til både betre økonomi, nye publikasjonar og spennande utvikling.  

Fagpressen har laga denne oversikta:

https://fagpressen.no/aktuelt/les-bruk-slik-vil-0-momssats-fungere-fagmediene

https://fagpressen.no/aktuelt/endelig-nullmoms-dybdejournalistikken

Her er heile framlegget: https://www.statsbudsjettet.no/upload/Revidert_2020/dokumenter/prop107.pdf

 

Prop. 107 LS (2019–2020) Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak og stortingsvedtak) Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

11.2.4  Fritak for tidsskrift

Omsetjing av tidsskrift, medrekna elektroniske tidsskrift, er på visse vilkår friteke for meirverdiavgift i siste omsetjingsledd, jf. merverdiavgiftsloven § 6-3. Etter § 6-3 første ledd omfattar fritaket tidsskrift som hovudsakleg vert omsette til faste abonnement eller som hovudsakleg vert delte ut til eller på annan måte vert gjort tilgjengeleg for foreiningsmedlemmer. Omsetjing av tidsskrift, medrekna elektroniske tidsskrift, med hovudsakleg politisk, litterært eller religiøst innhald er friteke etter § 6-3 andre ledd utan omsyn til omsetjingsform. Med heimel i merverdiavgiftsloven § 6-3 tredje ledd er det gjeve forskrifter til fritaket i merverdiavgiftsforskriften.

Merverdiavgiftsforskriften § 6-3-1 inneheld ein definisjon av kva som meinast med tidsskrift. Tidsskrift er etter føresegna ein kvar annan publikasjon enn avis dersom: «a) den kommer ut periodisk med minst to nummer i året etter en fast utgivelsesplan b) den er nummerert og er ledd i en ikke tidsbegrenset rekke c) den omsettes til en forhåndsbestemt pris eller utdeles til foreningsmedlemmer og d) alle numrene har samme tittel.» Merverdiavgiftsforskriften § 6-3-2 inneheld ei opplisting av publikasjonar som likevel ikkje skal omfattast av fritaket for tidsskrift. Dette gjeld mellom anna kalendrar, notehefte, utstillingsprogram, trafikkruter og prislister. 

Elektroniske tidsskrift vart omfatta av fritaket for tidsskrift frå 1. juli 2019 og er definert i merverdiavgiftsforskriften § 6-3-9. Det omfattar elektroniske publikasjonar som hovudsakleg består av tekst eller stillbilete som: «a) ikke er en elektronisk nyhetstjeneste b) kommer ut periodisk med minst to og maksimalt 51 nummer i året etter en fast utgivelsesplan c) er nummerert og er ledd i en ikke tidsbegrenset rekke d) har samme tittel for alle nummer e) ikke har et innhold som nevnt i § 6-3-2.» Etter merverdiavgiftsforskriften § 6-3-9 andre ledd kan publikasjonen kvar veke på førehand publisere inntil to enkeltartikler til det førstkomande nummeret.

Ute nå

I 1870 fantes det omtrent 100 000 griser i Norge. I dag slakter vi 1,7 millioner griser hvert år. Nå hører vi om et voksende ubehag knyttet til denne produksjonen – selv næringen snakker om «stor etterspørselsrisiko». Og dyrevernere at dersom forbrukere visste mer om hvordan grisen blir mat, så ville maten smakt annerledes.

Ønsker du å låne kontoret?

Medlemstidsskriftene kan låne kontoret vårt i 4. etasje på Litteraturhuset i Oslo, fortrinnsvis etter kl 15. Trenger du det på dagtid, kan det som regel ordnes.

Send e-post til  post@tidsskriftforeningen.no for spørsmål/reservasjon.

Developed by Aplia - Powered by eZ Publish - Informasjonskapsler